Aktor Eirik Stolt-Nielsen er i Gulating lagmannsrett minst like kritisk til «Sleipner»-kapteinens navigering som han var i Sunnhordland tingrett i fjor.

I prosedyren i ankesaka i går kravde Stolt-Nielsen seks månader fengsel på vilkår for den 57-årige kapteinen som blei uføretrygda etter ulukka. Det er samme påstand som i tingretten, som til sist frikjente Hagland for skuld i sjøskaden som førte til tap av 16 menneskeliv ved Ryvarden 26.november 1999.

— Må plassera ansvar

— Ulukka fekk eit enormt omfang, og har vore ei sterk påkjenning også for kaptein Hagland. Men her handlar det om å plassera ansvar, sa aktor Eirik Stolt-Nielsen.

Ifølgje aktor var det ingen ytre påverknader som resulterte i «Sleipner»-ulukka. HSD-snøggbåten gjekk rett på Store Bloksa berre fordi navigatørane om bord - med ansvarshavande kaptein i spissen - let vera å bruka dei navigasjonshjelpemidla dei hadde til rådvelde.

Kaptein Hagland var så lommekjent i farvatnet og hadde segla så mange gonger over Sletta at han blei offer for gammal vane, meiner aktor.

— Vanetenking og neglisjering av vanlege tryggleiksreglar til sjøs må få konsekvensar. Her blir det gjort ei rekkje endringar og innført nye hjelpemiddel, og så held ein fram som før av gammal sedvane, sa aktor Stolt-Nielsen.

— Riksadvokaten vurderte påtaleunnlating. Men aktløysa var så grov at ulukka måtte få ein signaleffekt, sa han.

Unytta alternativ

Aktor meiner «Sleipner» kom ut av kurs etter passering Ryvarden fordi dei to navigatørane oversåg handlingsalternativ:

  • Det blei ikkje avtalt plan for seglasen på det kritiske punktet ved Bloksene.
  • Giring og avstand til land og til stevningsobjekt (fyret) vart ikkje målt.
  • Fyrobservasjonen var mangelfull.
  • Det blei ikkje målt kurs med gyrokompasset.
  • Farten blei ikkje redusert trass i bølger eit par meter over bølgeavgrensinga på ein meter.
  • Mangelfull kommunikasjon mellom navigatørane.

— Dei 21 sekunda frå dei ser Litle Bloksa babord og til dei når Store Bloksa skjer det fatale, ei rekkje av uheldige val. Villfaringa med omsyn til kvar båten var, er klart aktlaust og i strid med godt sjømannskap, sa Eirik Stolt-Nielsen.

Avviser babord-teorien

Stolt-Nielsen brukte lang tid på å tilbakevisa Hagland-forsvarar Per Magne Strandborgs teori om at kapteinen svinga babord i god tru, men for tidleg, fordi han uforvarande hadde kome borti radarskjerminnstillinga.

— Ein besnærande teori, men han har ikkje støtte i bevisførsla. Ingen har merka at båten svinga babord, sa Stolt-Nielsen. Han også avviste at kapteinen har fått minnetap når det gjeld sekunda før og etter ulukka.

Stolt-Nielsen gjorde også eit poeng av at «Sea Cat»-ulukka i Gulen i 1991 ikkje kan ha relevans for «Sleipner»-ulukka i 1991. Nettopp «Sea Cat» gjorde at norske snøggbåtar etterpå fekk fleire nye navigasjonshjelpemiddel, det kom to navigatørar på brua, og navigatørane fekk ei ny og grundigare opplæring.

I dag held Stolt-Nielsen fram prosedyren med å ta føre seg tiltalen mot HSD. I fjor la han ned påstand om fire millionar kroner i bot til reiarlaget. Også HSD blei frifunne i Sunnhordland tingrett.

KONSEKVENSAR: - Vanetenking og neglisjering av vanlege tryggleiksreglar til sjøs må få konsekvensar, sa aktor Eirik Stolt-Nielsen i prosedyren sin i går.<p/> ARKIVFOTO: TOR HØVIK