• Dette er ein stor dag for Sogn og Fjordane. Verkeleg ein kanondag. Med Liv Signe Navarsete som samferdsleminister får vi både Dalsfjordbrua og Vikafjellsvegen.

Han snakka i store bokstavar i går, redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis i Sogndal. Men så kunne han og skriva i avisa om klassevenninna frå ungdomsskulen som var ny samferdsleminister.

— Det er ikke til å koma forbi at vonene er store. Vi ventar sjølvsagt meir til rassikring, og dersom Liv Signe attpå til får gjennomført gratis riksvegferjer, så skal vi ikke klaga her i Sogn og Fjordane, seier Fardal.

Han meiner Sogn og Fjordane har kome svært godt ut av arbeidet med å skipa ny regjering. I tillegg til Liv Signe Navarsete er Heidi Grande Røys (SV) frå Bremanger utnemnd til fornyingsminister, og Bård Vegard Solhjell (SV) frå Naustdal, utnemnd til statssekretær ved Statsministerens kontor.

Likevel, i vegfylket Sogn og Fjordane er de naturleg nok utnemninga av Liv Signe Navarsete som betyr mest.

Opseth-kopi?

Men kva står ho eigentleg for i samferdselspolitikken?

— Liv Signe vil temmeleg snart få ny framdrift i saka om Jondalstunnelen. Eg kjenner henne godt frå samarbeid i partiet. Ho er dugande og har stor kunnskap om problema som dikstrikta slit med. Ikke minst dette med reiseavstandar, seier Sigrid Brattabø Handegard, som både er frå Jondal og leiar i Hordaland Senterparti.

Arne Sortevik (Frp) masa like til det siste på avgåtte samferdsleminister Torild Skogsholm om Jondalstunnelen.

— Eg har alt meldt opp eit spørsmål om Jondalstunnelen til den nye samferdsleministeren. Eg reknar med svar i fyrste spyrjetimen, 9. november, seier han.

— Liv Signe Navarsete er eit drivande kvinnfolk. Eg kjenner ho godt, m.a. frå samarbeid i Vestlandsrådet. Der har ho slutta seg til dei prioriteringar som er gjort for vegutbygginga på Vestlandet, seier tidlegare fylkesordførar Magnar Lussand (Sp). Og så legg han til:

— Eg vonar at ho ikke framstår som ein Opseth-kopi.

Høgtflygande

— Det er positivt at vi har fått ein samferdsleminister frå Vestlandet att, seier stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H), som legg til at han førebels ikke veit så mykje om Liv Signe Navarsete som politikar.

— Senterpartiet har hatt dei mest høgtflygande lovnadene når det gjeld nye milliardar til samferdsel. At Liv Signe Navarsete er utnemnd til samferdsleminister, tek eg som eit positivt teikn på at regjeringa har tenkt å prioritera samferdselssektoren, seier stortingsrepresentant Torbjørn Hansen.

— Men eg er uroa over signala om å stoppa all konkurranseutsetjing, seier han.

Ja til Hardangerbrua

Liv Signe Navarsete har tidlegare gjort kjent at ho står på Sp sitt ja-standpunkt til Hardangerbrua. Men i Haugesunds Avis er ho sitert på at ho er i mot «snikinnføring av ny stamveg» over Hardangervidda. Overfor avisa Hallingdølen på Ål presiserer ho likevel at ho enno ikke har sett seg inn i saka om moglege miljøtunnelar på vidda.

På leiarplass laurdag 15. oktober er det likevel ein tydeleg skepsis ute og går med tanke på Liv Signe Navarsete som samferdsleminister. - Hallingdalen vil få litt å bryna seg på, står det skrive. Det er ingen løyndom at mange meiner Hallingdal vart sett eit tiår attende under Opseth si regjeringstid.