— Det kan vere vanskeleg å overtyde bedrifter om at ungdommar som blir lærekandidatar kan skape ressursar, seier fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune.

Det er ifølgje han mellom 50 og 60 ungdommar på lærekandidatkontrakter i Hordaland i dag, og Mjelstad meiner potensialet er langt større. Framleis trur han enkelte skuletilbod i Hordaland berre fungerer som oppbevaring for elevar med særskilde behov.

Krevjande

Å få fleire ut i arbeid krev noko frå både bedrift og skule, påpeiker han. Etter å ha høyrt om opplegget ved Fyllingsdalen videregående skole, meiner han lærar Tore Sædal gjer mykje riktig.

— Me må jo respektere at det ikkje alltid passar for bedrifter. Dei skal tene pengar. Eg trur nøkkelen er at folk på skulane kjenner bransjen, og skapar ein tryggleik for både bedriftene og ungdommane. Du er nøydd til å følgje tett opp, hjelpe til og rettleie. Det er avgjerande for at dette skal fungere, seier Mjelstad.

Ikkje skeptisk

Det var etter utplassering at Bertel O. Steen bestemte seg for at dei ville tilby Eilertsen plass som lærekandidat. Det fortel plassjef Dag Nilsen hos Bertel O. Steen på Minde.

— Me meiner Sindre har det som skal til for å kunne klare dette, så kvifor skulle me ikkje bidra? Han gjer ein god jobb for oss og er veldig tilpassingsdyktig, seier Nilsen.

Han meiner praksis er den beste måten å knyte ungdom til seg.

— Då merkar ein om den unge trivst i bedrifta, og omvendt. Om det er på plass, går det veldig bra, seier han.

Mjelstad fortel at det blir arbeidd med å etablere eit opplæringskontor for tilrettelagt opplæring i Hordaland. Kontoret skal jobbe med å finne plassar i bedrifter til elevar i tilrettelagt opplæring.

— Dette vil vere eit tydeleg kontaktpunkt mellom skular som har denne elevgruppa og bedrifter.