• Det kan vera fare for snøras overalt i fjellet dersom ein ikkje veit korleis ein skal te seg, seier Krister Kristensen, skredforskar ved Norges Geotekniske Institutt.

HILDE KRISTIN STRAND

Både Kristensen og Steinar Bakkehøi, også han skredforskar ved Norges Geotekniske Institutt (NGI), oppmodar folk om å reisa til fjells. Men dei understrekar samstundes at ein må vera forsiktig.

Moderat skredfare

Rasfaren på Vestlandet er no karakterisert som moderat. Men forholda endrar seg raskt, og ein skal ikkje lenger attende enn til sist veke før rasfaren var svært stor på Strynefjellet. Då gjekk det fleire ras der.

For at det skal gå snøras må to enkle faktorar vera oppfylte: Det må vera bratt nok og snø nok. Snørasa går oftast i bratte heng med over 30 grader helling. Og dei aller fleste rasa er utløyst av menneske.

— Mange skred går når det er det ein kallar markert skredfare. Då er det ofte fint vêr og mange folk ute, seier Steinar Bakkehøi.

Ein opererer ut frå ein internasjonal skredfareskala som går frå ein til fem, der ein er liten skredfare og fem svært stor skredfare.

- Ver forsiktig

— Den siste veka har det kome ein del snø i fjellet på Møre og sørover til den nordlege delen av Nordfjord. Det er grunn til å tru at denne snøen ikkje heilt har stabilisert seg enno, seier Bakkehøi. Det har óg kome ein del snø langs Bergensbanen.

— Me seier aldri at det er område ein absolutt ikkje bør ferdast i, men ein må tenkja seg om. Det plar vera trygt å gå på ryggane, der bles ofte ein del av snøen vekk. Ein bør vera forsiktig med bratte fjellsider, og dersom ein kjører utanfor løypa må ein vera klar over at der er det større risiko, seier Bakkehøi.

— Mange av dei som kjører off-piste går på snøskredkurs og har god kunnskap, seier Kristensen. Han oppmodar dei som ikkje er fjellvande eller har kunnskap om snøskred om å gå i merka løyper.

— Folk går gjerne tur i flate bekkedalar og tenkjer ikkje på at fjellsidene over kan vera skumle. Faktisk kan ein utløysa brot i snødekket på flat mark. Dette brotet vil spreia seg oppover fjellsida og kan utløysa ras, seier Kristensen.