• Trass i at han gjer mange dumme ting, er Lars eit bra menneske. Eg kan snakke positivt om han i fleire timar, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.

Bråthen seier at hoppmiljøet har lange tradisjonar for å ta vare på kvarandre. Han har snakka mykje med Lars Bystøl dei siste dagane.

— Lars må først og fremst få orden på dei private delane av livet sitt som ikkje passar i hop med det vi står for. Han må finne ut av kva han vil med livet sitt. Involverer det skihopping, skal vi ta godt imot han, seier Bråthen. Han meiner skaden som gjer det umogleg for Bystøl å hoppe på ski, no kjem i andre rekke.

  • I denne samanhengen blir idretten uviktig, seier han.
  • Først og fremst må han ville ta tak i problema sjølv. At han vankar i miljø der slike ting foregår, er noko han må ta tak i sjølv og kome seg ut av. Eg veit ikkje om saka er eit resultat av eit miljø han er i eller om det er sporadisk, seier Bråthen og viser til dopingprøva som var positiv på eit narkotisk stoff.