Eit heilt lokalsamfunn som har støtta Belik-familien fortvilar no, og meiner dei ikkje vil klare å vende tilbake til Moldova.

Bygdefolk i Aurland har slutta mann— og kvinnesterkt opp om den vesle familien etter at utlendingsnemnda i oktober 2004 heldt oppe utvisingsvedtaket.

Ved hjelp av blant anna lokale innsamlingsaksjonar har jentene fått midlar til å kjøre to rettssaker der dei hevda at utvisingsvedtaket måtte kjennast ugyldig. I går brast det siste håpet.

Tatiana og Olga Belik kom til Noreg frå Moldova i april 2003. I heimlandet skal dei ha blitt forfølgde, truga med prostitusjon og freista kidnappa med sikte på menneskehandel.

Gjertrud Håland i Flåm har vore som ei bestemor for dei to tenåringsjentene, som for tida går på vidaregåande skule i Sogndal og Haflso.

— Dei har hatt ei forferdeleg ventetid etter at rettsforhandlingane var over 20. januar. Tvil, håp og tru har naga dei heile tida. Mora seier rett ut at ho ikkje vil klare å reise tilbake, fortel Gjertrud Håland.

Mor Raisa søkte asyl på grunn av sin politiske bakgrunn i heimlandet. Døtrene har forklart at dei var utsett for trugsmål og frykta å bli offer for menneskehandel og trafficking.

Gjennom sin advokat Sjur Vinje har familien hevda at særleg to sakshandsamingsfeil gjer at UDI må oppheve utvisingsvedtaket. Begge desse ankepunkta blir avvist av lagmannsretten.

Eventuelle nye opplysningar som er kome fram i lyset, har ikkje betydning for utfallet av dommen. Dermed seier retten at Belik-søstrene sin noverande psykiske helsetilstand ikkje har noko med saka å gjere.

I tillegg til å ha tapt saka fullstendig, må Belik-søstrene også dekke 50.000 kroner av staten sine sakskostnader.

Staten sin prosessfullmektig, advokatfullmektig Harald H. Holdø, er nøgd med utfallet.

  • Retten skulle avgjere om vedtaket i Utlendingsnemnda var gyldig, og det har retten svara ja på. Dette er i samsvar med vår påstand, og vi meiner at lagmannsretten har kome til eit korrekt vedtak.
TAPTE: Tanja og Olga Belik.ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND