Tiltalte fekk ordet til slutt. Da sa han følgjende:

— Eg er uskuldig. Det har eg lagt vekt på heile tida. Eg er ærleg, eg er ikkje en person som kan ta livet av eit menneske. Det ville eg ikkje greidd å leve med etterpå.

Bevismessig tvil

— DNA har ei sterk beviskraft i forhold til identifisering. Vi reiser ikkje tvil om at tiltaltes arvemateriale er funne på kroppen til Anne Slåtten. Men det DNA ikkje seier noko om, er når eller korleis DNA-materialet er avsett. Det er bevismessig tvil om kva biologisk materiale som er funne, og det er tvil med omsyn til måten overføringa har skjedd på, sa advokat Ivar Blikra.

Under dagens prosedyre sa advokaten at det ikkje er bevist at det er spytt som er funne på den døde. Han meiner det like godt kan vere urin.

— Før dette skogholtet blei hogd ned, var dette den mest naturlege plassen å slå lens i Angedalsvegen. Vi kan ikkje seie at Anne Slåttens jakke var vasstett. Vi har sett bilete som viser at genseren ho hadde under er våt. Politeit har ikkje dekning for å seie at dette ikkje kan vere urin.

Gjenoppliving

I tillegg til å lansere teorien om at tiltalte kan ha urinert, og at urin kan ha skvetta på liket, meiner Blikra det også kan vere slik at han har funne kvinna og forøkt gjenoppliving. Forsvararen sa i retten at siste sikre observasjon av tiltalte er ved Shell-stasjonen i sentrum like før klokka 04. Den neste er i Halbrendslia rundt 0830.

— Ingen av dei tre som har vitna om haikaren i Storehagen-området kan seie sikkert at det var 42-åringen som ba om skyss mot Angedalen. Er det ikkje råd å bevise at han har vore på åstaden, opnar dette for at spora kan vere avsett på eit tidlegare tidspunkt.

- Ikkje sikre observasjonar

Blikra meiner også det ikkje finst sikre observasjonar som har sett Anne Slåtten gå til jobb på helsetunet om morgonen søndag 6. juni. Forsvararen la vekt på at fleire vitne har forklart seg meir detaljert no enn i tidlegare politiavhøyr, mellom anna om kleda ho hadde på seg.

— Vitne hugsar betre no enn i juni. Vanlegvis skjer det motsette. Når det blir slik, er det fordi opplysningar har komme ut. Dette viser at det er vanskeleg å vere ufarga av opplysningstilfang sju månader etter drapet.

Blikra sa at sidan det ikkje finst sikre opplysningar av Anne Slåtten, opnar dette for at ho ikkje har komme seg til funnstaden for eiga maskin. Korleis veit vi ikkje, sa forsvararen. Han meiner aktoratet ikkje har greidd å bevise at funnstaden i Vaskarvollen er åstaden.

Oppgjer med påtalemakta

— Politiets arbeidsteori er at det har vore ein dødskamp inne i buskaset. Dersom ein gjerningsmann har brukt massiv kraft på denne staden, måtte ein forvente spor i vegetasjonen også frå gjerningsmannen. Har det skjedd ein dødskamp her, er det påfallande få spor av det. Forsvararen tok også eit oppgjer med påtalemakta som har forsøkt å framstille tiltalte som ein seksuell avvikar.

— Det at ein person eig porno er ikkje nokon diagnose.

FORSVARAR: Advokat Ivar Blikra krev at 42-åringen vert frifunnen.
ØYSTEIN TORHEIM