— Ja, det er ein naturleg tanke, seier lege Asmus Thun Bisgaard til Bergens Tidende.

Han var førstemann på funnstaden søndag 6. juni. Då han tok seg inn i krattskogen, låg sjukepleiarstudenten delvis avkledd på rygg. På venstre side av magen hadde ho såkalla dødsflekkar.

Dette meiner legen tyder på at Slåtten kan ha blitt flytta. Dødsflekkar oppstår normalt på punkta av kroppen som ligg ned mot bakken. Slåtten skulle berre hatt flekkar på ryggen, ikkje på sida.

— Då eg høyrde at nokon hadde sett ein ukjent hettemann på funnstaden dagen etter drapet, kontakta eg politiet. Eg meinte flekkane var ei relevant opplysing, seier Bisgaard.

Men rettsmedisinaren som undersøkte liket nokre timer etter kommunelegen, fann berre flekkar på ryggen. I normal temperatur kan slike flekkar flytte på seg, men berre dei 12 første timane etter dødstidspunktet. Då Slåtten var funnen, hadde ho vore død i over eit døgn. Det skulle derfor i teorien ikkje ha vore skilnad på funna til kommunelegen og rettsmedisinaren.

Bisgaard skal i dag forklare seg i Fjordane tingrett. Forsvarar Ivar Blikra varsla i sitt innleiingsforedrag at observasjonen til kommunelegen vil bli eit sentralt poeng i bevisføringa.