— Dei burde i staden reist debatten om å føderalisere Norge. Aarebrot ser på det nye Vestlandsrådet som eit interessant initiativ.

— Klarer dei å samle Vestlandet i viktige spørsmål, kan dette bli eit spennande politisk organ. Eg trur det først og fremst er som eit samordnande organ rådet kan ha ein funksjon. På det politiske området kan dei komme til å spele ei rolle ved å få inn andre tankar enn dei som blir tenkte i Oslo. Derimot har eg ingen tru på at eit slikt råd kan fungere som ei redningsbøye for fylkeskommunane, kommenterer Aarebrot.

Valforskaren og statsvitaren ser ein del område der det er klart behov for samordning. Han nemner i fleng utflytting av statsetatar frå hovudstaden, vegbygging, hamneutbygging, anna samferdsle, elektrisitetsforsyning, regionplanlegging og lostenester.

— Bygging av infrastruktur på Vestlandet har i hovudsak gått på at fylka har kjempa om å få best mogleg veg til Oslo. Det kan ikkje herske tvil om at ein skikkeleg kyststamveg vil vere svært viktig for området. Klarer rådet å unngå indre splid, og presentere samla krav, er det ikkje tvil om at dette vil telje tungt hos sentrale politikarar som skal løyve pengane.

Men når rådet varslar at dei vil ta over vegar frå staten, stiller Aarebrot spørsmålsteikn ved om dei ikkje startar i feil ende. Det blir langt på veg som å føderalisere Norge, slik systemet er i mange europeisk land der landsdelane har fullt ansvar for område som helse, politi, samferdsle, undervisning, arealplanlegging m.m.

— EU er langt på veg bygt opp rundt regionar. For Norge ville det vore veldig fornuftig og hatt på plass i alle fall ein viss regional struktur, før ein ny EU-debatt tek til. Hadde Vestlandsrådet teke initiativ til ein forfatningsrevisjon som går på å flytte makt til landsdelane, ville det verkeleg vore spenstig. Og er det eit verkeleg ønskje som ligg bak om å realisere Vestlandet som ein region, må denne debatten reisast, meiner Aarebrot.