Gilde-slakteriet på Reset i Førde er hovudleverandør av storfekjøtet som går til pølseproduksjonen ved Terina i Sogndal, der E.coli-smitten er påvist i Sognemorr-pølse. Likevel har Mattilsynet så langt ikkje funne grunn til ekstraordinære tiltak ved slakteriet.

— Kan aldri garantere

Rune Myklatun i Mattilsynet i Sunnfjord og Ytre Sogn opplyser at dei har hatt hovudrevisjon av dette anlegget i 2005, og at det lokale Mattilsynet følgjer opp det store slakteriet med tilnærma daglege inspeksjonar.

— Vi meiner kontrollen er god, men dette kan likevel skje. Ein kan aldri garantere hundre prosent at det ikkje følgjer bakteriar med kjøtvarene frå ei slik bedrift, seier Myklatun til Bergens Tidende.

Fredag er det venta svar på prøvene som er tatt frå dei ulike ingrediensane i spekepølsa, og Mattilsynet håpar dette vil gje svar på kor smitten opphavleg stammar frå. Smitten kan stamme frå kjøtprodukt, krydder og andre ingrediensar brukt i Sognemorr, eller frå hygienen ved Terina-bedrifta i Sogndal.

- Prioriterte småbedriftene

I Sogndal heldt Gilde i går eit nytt orienteringsmøte for dei tilsette ved den nedstengte fabrikken. Mange har tatt funnet av den farlege bakterien svært tungt, og Gilde har satsa hardt på å skjerme sine tilsette.

Som BT fortalde i går, gjennomførte Mattilsynet sin siste ordinære inspeksjon ved Terina Sogndal sommaren 2004. Distriktssjef Merete Lunde opplyser at inspeksjonsfrekvensen er opptil det lokale Mattilsynets risikovurdering.

— Vi har vurdert spekepølse som ei trygg matvare, og har hatt meir fokus på andre bedrifter i vårt område, seier ho.

— Kva vil det seie?

— At vi har hatt meir fokus på småskalabedrifter, seier Lunde. - Dette meiner vi er eit viktig område å ha tilsyn og dialog med, og det kjem stadig nye bedrifter.

Av dei rundt 420 bedriftene Mattilsynet har kontroll med i området, finst berre to verkeleg store: Lerum og Gilde-bedrifta Terina.