• Eit ADHD-barn utan ressurssterke og oppegåande foreldre, har tapt i utgangspunktet. Å ha ein unge med ADHD var ikkje det verste. Kampen mot systemet kosta mest.

Sissel Sundheim er mor til ein gut med ADHD. Då ho og far Arve Hafstad første gong vende seg til støtteapparatet med uroa om at alt ikkje var som det skulle, var sonen fire år og gjekk i barnehagen. Først i slutten av andre klasse fekk han stilt diagnosen. Då hadde foreldra kjempa i over fire år.

— Ein gong hadde vi time hos skulelegen i Førde. Vi fekk i klartekst fortalt at ungen vår var umogleg, og at vi var udugelege som foreldre. Det blei eit møte eg aldri kjem til å gløyme. Det var så ille at helsesøstra måtte roe doktoren ned, hugsar Sissel.

Klassiske døme

Men det famøse møtet på legekontoret førte berre til at Sissel og Arve stod på hardare. Dei kjende seg urettferdig behandla. Til slutt kom dei til hos barnelege på sjukehuset. Dermed fekk han ritalin, ein sentralstimulerande legemiddel som er vanlege å bruke i behandlinga av ADHD.

— Vi merka skilnaden alt etter eit par veker. Han blei rolegare, og greidde betre å konsentrere seg. Men medisinering åleine er ikkje nok, det trengst ekstraressursar i skulen, støttekontaktar, leksehjelp.

Sissel Sundheim meiner Sintef-rapporten skildrar klassiske situasjonar foreldre til barn med ADHD kjem opp i:

— Systemet fungerer ikkje. Det kjem aldri til deg. Ingen spør om kva du treng. Du må sjølv vite kva rettar du har, og slåss for det ungen din har krav på. Som forelder må du ha bein i nasen, og stå på 24 timar i døgnet.

Følgde aldri rapporten

Sissel skildrar sonen som smilande og blid. Men stikk heller ikkje under ein stol at han er uroleg, har dårleg konsentrasjonsevne, hissig gemytt og vanskeleg for å skjøne konsekvensar av eigne handlingar

Dei to første åra på skulen var dei verste. Sonen takla ikkje overgangen frå barnehagen til å sitje i ro i klasserommet. Han blei ei urokråke, og fekk lærarar som ikkje hadde kunnskap om lidinga.

Sissel og Arve kjempa lenge for at sonen skulle få utgreiing på Søreide, eit kompetansesenter for barn med lærevanskar som no er lagt ned. Først då han var 12, kom han til. Det enda med ein tjukk rapport med ei rekkje faglege tilrådingar og forslag. Men kommunen og skulen følgje aldri opp. Når PPT søkte om ekstratimar på skulen, kom byråkratiet og politikarane inn og kutta.

— Han hadde fem timar med ekstrahjelp i veka, tre med assistent og to med ekstra lærar. Det var halvparten av timane det var søkt om, fortel Sissel.

Fekk flinke lærarar

Ho understrekar at ho ikkje kritiserer enkeltpersonar, bortsett frå skulelegen.

— Guten vår var heldig. Han fekk flinke lærarar. Ofte kjende dei ikkje til ADHD, men dei sette seg inn i problemstillingane, seier Sissel Sundheim.

No går sonen til Sissel Sundheim og Arve Hafstad på vidaregåande. Framleis har foreldra jamn kontakt med heile systemet om oppfølginga.

LANG KAMP: Det er meir enn ti år sidan Sissel Sundheim tok opp kampen for at sonen skulle få hjelp. - Pengane mangla, det fekk vi høyre heile tida. Systemet er prisgitt eldsjeler, men også dei blir avgrensa av økonomi, seier ho. <br/>Foto: TERJE ULVEDAL