— Dette er ein kjempejobb. Museet kjem til å bli DET huset i byen, seier arkitekt Eilif Bjørge. Vinnarane av denne prosjekteringsjobben konkurrerte med seksten andre tilbydarar.

— Vi synest det er stas at bergensarar får utføra denne viktige jobben. Det er jo eit av byens flottaste hus som skal rustast opp, seier Bjørge.

Det er Statsbygg som skal stå for rehabiliteringa av museumsbygningen frå 1865.

— Bygningen er ein sentral den av bybiletet og skal vidareutviklast som den fremnste møteplassen mellom universitetet og samfunnet, seier rektor Sigurd Grønmo i ein kommentar.