• Me jobbar med tryggleik. Det seier Anne Lise Torgersen, informasjonsrådgivar hos Norsk Lastebileier-Forbund (NLF).

Ho fortel at NLF jobbar med førebygging av trafikkulukker og har mellom anna kurs i defensiv kjøring. I tillegg har dei sett fokus på dekk og kjettingbruk.

— Me har utvikla eit kvalitetssikringssystem når det gjeld trafikktryggleik som me prøver å få innført hos alle medlemmene våre. Mange har allereie innført det, seier Torgersen.