Hardanger-kommunane har lenge slåst mot planane om å byggje overføringsliner for straum gjennom fjordlandskapet frå Eidfjord til Samnanger, dei såkalla monstermastene.

«Å kunna sei at du bur i eit land som har noko av det vakraste landskapet i verda, burde vera eit privilegium.». Slik åpner Granvin Ungdomsråd eit ope brev til statsministar Jens Stoltenberg og olje-og energiministar Terje Riis-Johansen.

Les heile brevet her

Raserer naturen

— For oss som bur her, handler dette om å verne naturen, og berre det, seier leiar i Granvin Ungdomsråd, Synnøve Kvamme.

Ho meiner styremaktene må ha alle fakta på bordet før dei tek ei avgjerd om dei planlagde høgspentmastene som skal gå gjennom Hardanger.

— Professor Faanes har sagt at det er mogleg å oppgradere dei kraftlinjene som er der allereie og at det vil gje nok straum. Dette bør ein forske meir på før ein tar avgjersla om å rasera naturen, seier Kvamme.

Les notatet tidlegare professor i el-teknikk ved NTNU, Hans H. Faanes har skrive her.

Hard skyts

I brevet får ministrane klåre meldingar om å setje meir pris på den vakre naturen i landet.

«Styresmaktene viser si takknemlegheit ved å byggja ein motorveg av høgspentmaster tvers gjennom denne unike og sjeldne arva istida har gitt oss».

Ungdommane frå Hardanger sparar ikkje på krutet når dei skal forsøka å nå gjennom hos landets fremste politikarar.

— Vi skjønar at bergensarane treng straum, men synest det er urettvist å ofre Hardanger-naturen for det, seier Kvamme.

«Å byggja luftspenn gjennom Hardanger vil vera eit ufatteleg feilgrep og ei skam for landet vårt, turismen og komande generasjoner» seier Granvin Ungdomsråd vidare i sitt brev.

Bergensprotest

I morgon kjem nær 100 ungdommar frå Hardanger til Bergen for å markera meiningane sine. Klokka 1800 startar protesten med bunader, folkemusikk og faklar utanfor Den norske turistforeininga sine kontor i Marken. Så skal dei gå rundt Smålungeren og til Bergen Rådhus der appellar og eplesaft frå Hardanger skal delast ut.

Kva ønskjer de å få ut av aksjonen?

— Vi trur at jo fleire som veit at styresmaktene ikkje har all informasjon dei treng i saka, di fleire vil støtte oss, seier Synnøve Kvamme.

Ho håpar at bergensarane og vil kome i morgon, sjølv om ho fryktar at det er for seint å snu politikarane no.

— Dersom desse mastane kjem, vil vi sjå dei heile tida. Dei vil øydeleggje naturen og vera ei konstant påminning om at sjølv om vi bur i eit demokrati, så ville ikkje politikarane høyre på oss i Hardanger.

Støtter du kampen mot monstermastene? Si di meining her!