- Jens, du må vakne!
Mars 2010: Hardanger-ungdom rasar mot statsministeren i ope brev om monstermastene.
AV: elin elvsås
Les også:
Hardanger-kommunane har lenge slåst mot planane om å byggje overføringsliner for straum gjennom fjordlandskapet frå Eidfjord til Samnanger, dei såkalla monstermastene.
«Å kunna sei at du bur i eit land som har noko av det vakraste landskapet i verda, burde vera eit privilegium.». Slik åpner Granvin Ungdomsråd eit ope brev til statsministar Jens Stoltenberg og olje-og energiministar Terje Riis-Johansen.
Raserer naturen
- For oss som bur her, handler dette om å verne naturen, og berre det, seier leiar i Granvin Ungdomsråd, Synnøve Kvamme.
Ho meiner styremaktene må ha alle fakta på bordet før dei tek ei avgjerd om dei planlagde høgspentmastene som skal gå gjennom Hardanger.
- Professor Faanes har sagt at det er mogleg å oppgradere dei kraftlinjene som er der allereie og at det vil gje nok straum. Dette bør ein forske meir på før ein tar avgjersla om å rasera naturen, seier Kvamme.
Les notatet tidlegare professor i el-teknikk ved NTNU, Hans H. Faanes har skrive her.
Hard skyts
I brevet får ministrane klåre meldingar om å setje meir pris på den vakre naturen i landet.
«Styresmaktene viser si takknemlegheit ved å byggja ein motorveg av høgspentmaster tvers gjennom denne unike og sjeldne arva istida har gitt oss».
Ungdommane frå Hardanger sparar ikkje på krutet når dei skal forsøka å nå gjennom hos landets fremste politikarar.
- Vi skjønar at bergensarane treng straum, men synest det er urettvist å ofre Hardanger-naturen for det, seier Kvamme.
«Å byggja luftspenn gjennom Hardanger vil vera eit ufatteleg feilgrep og ei skam for landet vårt, turismen og komande generasjoner» seier Granvin Ungdomsråd vidare i sitt brev.
Bergensprotest
I morgon kjem nær 100 ungdommar frå Hardanger til Bergen for å markera meiningane sine. Klokka 1800 startar protesten med bunader, folkemusikk og faklar utanfor Den norske turistforeininga sine kontor i Marken. Så skal dei gå rundt Smålungeren og til Bergen Rådhus der appellar og eplesaft frå Hardanger skal delast ut.
- Kva ønskjer de å få ut av aksjonen?
- Vi trur at jo fleire som veit at styresmaktene ikkje har all informasjon dei treng i saka, di fleire vil støtte oss, seier Synnøve Kvamme.
Ho håpar at bergensarane og vil kome i morgon, sjølv om ho fryktar at det er for seint å snu politikarane no.
- Dersom desse mastane kjem, vil vi sjå dei heile tida. Dei vil øydeleggje naturen og vera ei konstant påminning om at sjølv om vi bur i eit demokrati, så ville ikkje politikarane høyre på oss i Hardanger.
Støtter du kampen mot monstermastene? Si di meining her!