Kvam Arbeidarparti stoggar arbeidet med valprogram og nominasjon til den sentrale partileiinga med statsminister Jens Stoltenberg i brodden og Hordaland Ap har delteke på eit medlemsmøte, skriv Hordaland Folkeblad.

Temaet vart diskutert på eit medlemsmøte torsdag kveld.

Det Kvam-politikarane fryktar mest er ilanføring av kabel i Norheimsund.

Ap-leiar Atle Naterstad seier til Hordaland Folkeblad at det er aktuelt å skipa ein lokal, uavhengig folkeaksjon mot alternativet.

På møtet kom det óg fram sterk kritikk mot Hordaland Ap, som det vart hevda at ikkje føl opp vedtak om kablane i Hardanger.

Partilaget i Kvam, krev at regjeringa seier nei til anleggsstart på lina til kabel i sjø og jord er utgreidd. Om det ikke skjer, krev partiet lokal medverknad i valet av trasé for ei luftline.

Kva meiner du om kravet til Kvam Ap? Sei di mening her.