Helse Vest meiner likevel at metoden helst burde vore brukt i eit større ortopedisk fagmiljø enn Lærdal. Helse Vest si vurdering er no oversendt Helsetilsynet og Helse— og omsorgsdepartementet, etter å ha sett i gang gransking av den kirurgiske teknikken Jellestad brukar i Lærdal, skriv Firda.

Helsetilsynet avgjer

Det er Helsetilsynet og fylkeslege Petter Øgar som tek den endelege avgjerda i saka.

Fagfolka Helse Vest har konsultert, slår fast at computer-navigeringa Jellestad brukar i Lærdal ikkje utset pasientane for ein unødig risiko. Men sidan dette teknologiske verktyet framleis er under utvikling og forbetring, burde det blitt brukt i eit større ortopedisk fagmiljø, og resultata burde blitt følgt nøye i studiar, skriv adm. dir. Herlof Nilssen og fagdirektør Odd Søreide i Helse Vest i eit brev til fylkeslegen.

Objektiv vurdering

Ifølgje Helse Vests informasjonsdirektør Bjørg Sandal, har det ikkje vore særskilte årsaker til at Helse Vest også ville undersøkje den faglege forsvarlegdomen, då saka om innkjøpspraksisen ved Ortopediklinikken dukka opp.

— Vi fann det rett å ta med heile spekteret, seier ho til Firda.

Øystein Torheim