— Sogn og Fjordane klarer ikkje å konkurrera med Hordaland og Austlandet om ungdommen. Dei flyttar ut for å ta utdanning, og kjem ikkje tilbake, seier Henden, som tidlegare også har jobba med befolkningsspørsmål i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tal frå Statistisk sentralbyrå, som blei frigitt torsdag, viser at Norge aldri har tatt imot så mange innvandrarar som i 2007. For første gong på ti år stig folketalet i Sogn og Fjordane, og det er takka vera innvandring. Auken er berre på 65 personar, men utan innvandrarane ville folketalet ha gått solid i minus. Arbeidsløysa blant innvandrarar har heller ikkje vore så låg her i landet sidan 1989.

Sogn og Fjordane hadde per 1. januar i år 106 259 innbyggjarar, og det er berre 153 fleire enn i 1986. Til samanlikning hadde Hordaland 462 674 innbyggjarar ved årsskiftet, noko som er 63 012 fleire enn i 1986.

Les meir om tala hos SSB.

Meiner ungdommen er tapt

Henden peikar på at talet på utflyttarar frå fylket i 2007 tilsvarer innbyggjartalet i heile Solund kommune, som har 874 innbyggjarar.

— Forsøka som er gjort på å snu flyttestraumane, har ikkje lukkast. At innvandringa no kompenserer for utflyttinga, er svært gledeleg, seier Henden.

Han meiner at ungdommen i stor grad er tapt for Sogn og Fjordane, og at fylket heller bør prøva å få utlendingar til å flytta til fylket.

— Mange ungdommar ønskjer å bu på større plassar, og Sogn og Fjordane blir hardt ramma av å ikkje ha ein større by. Det er viktig at me har eit breiare fokus, og gjer det me kan for å bli attraktive for utlendingar, sier avdelingsdirektøren.

Heilskapleg tilbod viktig

Ifølgje Henden er det viktig at kommunane i Sogn og Fjordane ikkje berre legg vekt på å skaffa utlendingane jobb.

— Livet er meir enn jobb, og skal me få dei utanlandske arbeidarane til å slå seg ned, må me gi dei gode og rimelege butilbod, gode skular og barnehagar, tilbod om norskopplæring og eit variert fritidstilbod, seier han.

Utlendingane som kjem til Sogn og Fjordane er i hovudsak frå Polen, Baltikum, Sverige, Tyskland og Nederland.

— Kommunar som Flora og Bremanger har lukkast i å få mange nederlendarar til å slå seg ned, og andre kommunar kan læra av dei, seier Henden.

- Må samarbeida

Avdelingsdirektøren er elles provosert over at kommunane i Sogn og Fjordane kjempar med kvarandre om innbyggjarar framfor å samarbeida.

— I staden for å snakka om at Førde «stel» innbyggjarar frå Naustdal, bør me heller gle oss over at folketalet veks i Førde og Flora. Det er berre positivt at enkelte stader veks mykje. Alternativet er nedgang i alle kommunar, seier han.

Henden meiner det er eit paradoks at Sogn og Fjordane tapar den nasjonale konkurransen om innbyggjarar samtidig som fylket har stort behov for arbeidskraft.

— Jo betre tidene er, jo vanskelegare er det for Sogn og Fjordane å halda på folk. Me er nøydde til å innsjå at me aldri kan få ein by som Bergen her. Byane har sine fordelar, og me er nøydde til å fokusera på våre, seier Henden.

Fem omstillingskommunar

Flora, Vågsøy og Selje, samt Årdal og Høyanger, har alle opplevd stor nedgang i folketalet dei siste åra - og har fått status som omstillingskommunar. Flora har på si side klart å snu den negative trenden, medan til dømes Vågsøy har hatt ein nedgang på nærmare 450 innbyggjarar dei siste 20 åra. Vågsøy har i dag 5998 innbyggjarar.

— Me arbeider intenst med dette, og har søkt om fire millionar kroner i midlar frå fylkeskommunen for å endra kursen, seier ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden (Ap).

Han gir omstillinga i fiskerinæringa delar av skulda for folketalsnedgangen.

— Alle kystkommunane i Sogn og Fjordane slit med folketalsnedgang. Heile fiskeribransjen er blitt meir mekanisert, noko som har ført til færre tilsette over heile linja. I Vågsøy slit me også med å få etablert ny næringsverksemd, seier Silden.

Vil godt over 6000

Ordføraren seier vidare at næringslivet slit med å få tak i folk til alle typar jobbar.

— Ektepar har gjerne to ulike typar utdanningar, noko som skapar problem for oss. I mange tilfelle klarer me berre å skaffa arbeid til ein av partane, seier Silden.

Sjølv om kommunen står overfor mange utfordringar, er ordføraren positiv.

— Får me dei pengane me treng, er eg overtydd om at me skal klara å snu trenden. Målet vårt er å koma godt over 6000 innbyggjarar i 2008, seier Silden.

Kva meiner du må gjerast for å få opp folketalet i Sogn og Fjordane? Sei di meining her.

OPP MED 65: Folketalet i Sogn og Fjordane stig for første gong på ti år på grunn av auka innvandring. Her eit bilde frå Nærøyfjorden. ARKIVFOTO: ARNE NÆVRA
Avdelingsleiar i NAV, Frode Henden, trur ikkje Sogn og Fjordane klarer å snu utflyttingsstraumen. I staden må fylket satsa på utlendingar, meiner Henden.
NAV
Nederlandske Tineke Wester og Willem Pranger har tidlegare budd mellom anna på New Zealand.I fjor tok dei med seg dei to kattane og flytta til Solund.
Bergens Tidende