I ei meiningsmåling Bergens Tidende i dag kan presentere, får Framstegspartiet formidable 26,6 prosent oppslutnad i Sogn og Fjordane. På målinga, utført av Opinion, er partiet for første gong suverent størst i fylket.

Hadde det vore stortingsval no, ville Frp fått to mandat frå fylket. Sist haust fekk dei ingen. Også i Hordaland er partiet på frammarsj.

Oppsiktsvekkande

Sogn og Fjordane-resultatet er oppsiktsvekkjande. Samanlikna med valet for eit drygt halvår sidan, har partiet nesten tredobla oppslutnaden. Og det skjer i eit distriktsfylke der partiet har slite tungt for å få gjennomslag.

— Dei stygge hendingane den siste tida, har gjort at folk flest har fått auga opp for at norsk innvandringspolitikk ikkje er restriktiv nok. Det synet har vi stått for i mange år. Eg trur mange no tenkjer at vi hadde rett likevel, seier Kvalsvik.

— Så du meiner at drapssaker som involverer innvandrarar, fører til framgang for ditt parti?

— Sommaren for to år sidan hadde vi nokre tilsvarande episodar. Også då gjekk vi sterkt fram. Det må vere ein del av forklaringa.

- Trygt å bu i landet

Meiningsmålinga, som er den første som er teken opp i fylket etter stortingsvalet, fortel om dramatiske vandringar i veljarmassen siste halve året.

Målinga er tatt opp berre to dagar etter dei dramatiske drapa i Moss, der fire innvandrarar er sikta. Medan partileiar Carl I. Hagen ikkje vil kommentere om Mosse-drapa har ført partiet oppover på gallupane, vedgår Kvalsvik at slike tragiske hendingar er med på å forklare partiets framgang.

— Det verkeleg positive no er at andre parti er i ferd med å ta etter det vi har sagt lenge.

— Men syns du det er greitt at motstandarar av innvandring strøymer til ditt parti, Kvalsvik?

— Dei veljarane er like mykje verdt som andre veljarar. Eg trur folk ser at vi er alternativet for dei som er skeptiske til innvandringspolitikken som har blitt ført. Dei ser også at vi er partiet med ein politikk som kan gjere det trygt og godt å bu i landet.

- Dritleie andre parti

Men Kvalsvik meiner frammarsjen også har samanheng med at folk er «dritleie» andre parti.

— Saman med SV er vi dei einaste som viser eit alternativ i politikken. Dei andre er ei diger mølje i midten. Frp og SV vil noko anna, og har klart å få bodskapen fram til veljarane. Difor har desse to partia hatt framgang.

Kvalsvik trur også det kan vere ei lokal forklaring på at dei no er suverent størst i fylket, nemleg striden kring fleire vernesaker. Planar om å verne store kystområde, nei til vindmøller på Stadlandet, avslag på kraftutbygging i Jølster og nei til gondolbane og restaurant på fjellet Kaldakari i Luster er saker mange har reagert negativt på.

— Sjølv meiner eg vi ikkje har vore flinke nok til å markere oss i desse sakene. Men folk veit kvar vi står, så det kan ha medverka.

RETT TIL TOPPS: Jostein Kvalsvik er frontfigur i desidert største partiet i Sogn og Fjordane: Framstegspartiet.
FOTO: PER MARIFJÆREN