JOHN LINDEBOTTEN

I siste nummer av Vegen og Vi seier Ellingsen, V, at det kanskje kan finnast ein modell for realisering av Hardangerbrua utan løyving over statsbudsjettet.

Ellingsen viser til arbeidet som er i gang med å laga ein finansieringsplan for brua utan statsmidlar, og seier han er imponert over lokale innsatsen på stå-på-viljen.

— Dette kan samanliknast med Imarsund-sambandet på Nordmøre, der kommunale tilskot, ferjeavløysingsmidlar og bompengar tilsaman finansierer brua, seier Arnfinn Ellingsen til Bergens Tidende.

Ingen motsetnad

— Når du uttrykkjer deg slik, får ein nesten inntrykk av at Samferdsledepartementet er positiv til at brua vert bygt. Men det rimer dårleg med det vi har høyrt frå statsråden og resten av den politiske leiinga. Og når vi høyrer Lars Sponheim og May Britt Vihovde verkar det som om Venstre er prinsipielt i mot Hardangerbrua. Er det ikkje slik?

— Det finst ingen vrangvilje mot Hardangerbrua i Samferdselsdepartementet. Og der er heller ingen motsetnad mellom mitt syn og statsråden sitt syn på Hardangerbrua.

— Men det er enno langt fram. Hardangerbrua som bompengeprosjekt må vedtakast av Stortinget, og miljøkonsekvensane ved å byggja brua må utgreiast, m.a. for Hardangervidda, understrekar Arnfinn Ellingsen.

Totalforvirra

Samferdslepolitikar Arne Jakobsen, Ap i Bergen, finn dårleg samsvar mellom Arnfinn Ellingsen i Vegen og Vi og Venstres stortingsrepresentant May Britt Vihovde i BT 22. april. Der seier Vihovde at hardingane bør gløyma heile prosjektet, at dei har vald feil strategi, og at ho ikkje trur folkemeininga er så eintydig for brua som mange vil ha det til.

— Ein kan verta totalforvirra av å høyra slike motstridande utsegner frå Venstre. Og May Britt Vihovde veit betre enn dei fleste at Hardangerbrua har vore topp-prioritert i fylkestinget og i dei berørte kommunane år etter år. Eit parti som Venstre, som set lokaldemokratiet høgt, bør merka seg det, seier Arne Jakobsen.