Det meiner Pål Kraft. Han er professor i psykologi ved Universitetet i Oslo og har tidlegare vore styreleiar i Statens Tobakksskaderåd og har arbeidd med antitobakksarbeid ved WHO i Genève.

— Ein bør ikkje slutta å røyka som ei spontan handling. Det hjelper ikkje å slutta berre fordi ein burde, seier Kraft.

Han meiner difor ein bør finna eit tidspunkt der ein trur ein kjem til å halda ut, og heller førebu seg til røykeslutt ein dag i februar som å ha det som nyttårsforsett i år igjen.

Og bestemt seg for å slutta, det har røykarane gjort tidlegare. Ferske tal frå Opinion viser at sju av ti røykarar, både i Hordaland og på landsbasis, ønskjer å slutta. Åtte av ti har prøvd å slutta utan å greia det. Kvar tredje røykar i Hordaland har dessutan tidlegare hatt røykeslutt som nyttårsforsett utan å lukkast.

— Norske røykarar er ekstremt motiverte for å slutta. Det dei treng, er støtte etter at dei har stumpa røyken. Det er heller ikkje lurt å slutta åleine, det fungerer berre i fem av hundre tilfelle. Planlegg, finn ut kva tilbod som finst i form av kurs og medisinar, og allier deg gjerne med fleire som vil slutta, oppmodar Kraft.

— Dersom ein ikkje er skikkeleg førebudd, får ein berre dårleg samvit fordi ein ikkje greidde å slutta no heller, sjølv om ein veit at ein burde, seier han.