• Eg er sjokkert over reaksjonane i Litlabø-området mot det planlagte rusvernsenteret, seier Sverre Skjelnes (70), tørrlagt alkoholikar og mangeårig ettervernarbeidar på Stord.

— Folk i bygda har ingen ting å vera redde for. Det handlar om å ta imot personar som vil leggja bak seg rusproblemet sitt, som ønskjer ein ny start på livet. Dei går ikkje rundt i rus og ravar, seier Skjelnes.

— Stord treng eit skikkeleg etterverntilbod for både alkomane og narkomane, meiner Sverre Skjelnes.

Den pensjonerte arbeidsleiaren frå Aker Stord har ikkje smakt alkohol på 20 år. Etter tørrlegginga har han hjelpt over 300 sunnhordlendingar med å skaffa avrusing og ettervern. I ti år dreiv han nærmast privat eit ettervernkontor på Leirvik, med støtte frå kommunen og lokale bedrifter og lag.