Tradisjonsrike foreiningsfaner frå Høyanger, Årdal, Herøya, Sunndalsøra og Karmøy vaia fremst i opptoget som avslutta protestarrangementet mot Hydro-leiinga i går.

— Dette byrjar å røre på seg no, og vi får mykje støtte. Folk tar til å forstå kva som foregår. Dei ser samanhengen i det som skjer, sa Kjemisk-leiar Billy Fredagsvik etter gårsdagens markering i Høyanger.

- Legg seg ikkje på rygg

Det var kaldt. Det var surt. Og det byrja å regne.

Like fullt møtte fleire hundre opp til protestmarkeringa mot Hydros ferske vedtak om å framskunde nedlegginga av Hall C og 120 arbeidsplassar i Høyanger. Arrangementet vart spontant innført som erstatning for den planlagde markeringa av Hydro-konsernets 100-årsjubileum.

Aluminiumsproduksjonen i Høyanger fyller 90 år i år, og har skjedd innanfor Hydro dei siste 20 av desse. Det var midt på 1980-talet at Hydro fekk overta det statlege Årdal og Sunndal Verk.

— Eg er veldig godt nøgd, det må ha vore minst 500 menneske som slutta opp om dette uannonserte arrangementet, sa Fredagsvik etter at det heile var over.

I sin appell sa Fredagsvik at han no ser Hydros handlemåte som starten på slutten for konsernets aluminiumproduksjon, først på Vestlandet, deretter nasjonalt og sidan i Europa.

- Hydro har ei gjeld

— Hydro har sagt at det blir ikkje investert ei krone meir i Norge eller Europa. I staden satsar dei på produksjon med gasskraft i Gulf-staten Qatar, sjølv om avkastninga på dei utbyggingsplanane som finst i Norge vil bli like god, sa Fredagsvik.

— Dette skjer medan staten ser på. Men vi kjem ikkje til å gje opp. Høyangerfolk legg seg faen ikkje på ryggen.

Like stor applaus hausta Einar Rysjedal frå Forbundet for Ledelse og Teknikk. Han fokuserte blant anna på Hydro si gjeld til industrisamfunna på Vestlandet.

— Hydro har gjeld å betale til Høyanger og Årdal. Dei fekk overta ÅSV nesten gratis. Derfor krev vi av storting og regjering: Stopp Hydro si rasering av industrisamfunna på Vestlandet, sa Rysjedal.

På dette tidspunktet mørkna det over industristaden, og regnet piska ned på folkemengda utanfor den gamle fabrikkporten på kaien. Siste mann på talarstolen er ordføraren.

- Ikkje lenger tillit

— Høyanger kommune har ikkje lenger tillit til leiinga i Hydro Aluminium, sa Kjartan Longva, som peika på at Hydro med dette nedleggingsvedtaket sviktar det omstillingsarbeidet dei sjølve har tatt initiativ til i Høyanger.

— Vi i kommunen har samarbeidd med Hydro i dette, men vi kan ikkje lenger vere med på eit samarbeid, der resultatet er at lokalsamfunnet blir rasert. Vi vil ikkje sitje igjen med svarteper, medan Hydro kan seie at vi har sjølve vore med på prosessen.

Førstkomande tysdag reiser Longva saman med rådmann Arvid Lillehauge til Oslo for å møte konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten. Tema blir mellom anna det vidare samarbeidet om omstilling, eit samarbeid Høyanger-representantane var godt nøgde med inntil Hydro annonserte sitt nedleggingsvedtak tidlegare denne veka.

— Vi får sjå kva som kjem ut av møtet, så får vi vurdere vår rolle i omstillingsarbeidet etterpå, seier Longva til Bergens Tidende.

Same dag har Kjemisk-leiar Billy Fredagsvik også avtale med konsernsjefen.

— Eg har bede om dette møtet. Vi treng meir tid, og Hydro må skyve på denne nedlegginga. Vi skal nemleg klare å skape nye industriarbeidsplassar som erstattar dei som forsvinn, seier han. Vedtaket om å forsere nedlegginga i Høyanger skal behandlast i Hydro-styret 15. juni.