— Nei. Eg ser ingen slik fare. Det var viktig for oss å få ein fast dato å halde oss til. Utan det kunne saka versert i rettsapparatet i fleire år. Då ville løna løpe heile tida. Og når det gjeld bustaden, vil han heretter måtte betale marknadsleige. Til nå har han hatt kompensasjon for skattefordelen, seier Strøm-Erichsen.

Ho seier at omsynet til Karlsvik sin familie har vore avgjerande for at staten har gått med på å la Karlsvik bli buande i tenestebustaden i ytterlegare drygt tre år.

Forliksforhandlingane som har pågått mellom Karlsvik og staten ved Regjeringsadvokaten, innebar også at Karlsvik sjølv fekk høve til å søkje avskil. Det inneber at han slepp å få avskil i unåde som ville ha vore alternativet om staten hadde stått på og fått han frådømd stillinga.

— Vi har heile tida meint at vi hadde ei god sak mot Karlsvik. Elles hadde vi ikkje reist denne saka. Men samstundes vil eg seie at det er ikkje noko mål for Forsvaret og Forsvarsdepartementet å møte tilsette i retten. Eg har heile tida sagt at vi er opne for forlik fram til rettssaka skulle begynne, seier Strøm-Erichsen.

AVGJERANDE: - Omsynet til Karlsvik sin familie har vore avgjerande for at familien får bli buande i tenestebustaden i ytterlegare tre år, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Bjelland, Håvard