Hverken vegdirektør Olav Søfteland eller stortingsrepresentant Øyvind Halleraker vågar å garantera noko som helst for dette tradisjonsrike ferjesambandet i indre Hardanger.

Samstundes gjev dei to uttrykk for at dei ser det som svært lite truleg at ferjesambandet Utne-Kvanndal vert nedlagt.

Eit folkemøte på Hauso skule laurdag ettermiddag synte at innbyggjarane på Ullensvang vestside er svært opptekne av framtida til ferja, som er deira hovudveg både mot kommunesenteret Kinsarvik og mot Bergen.

— Sant å seia trur eg ikkje Hardangerbrua vil ta så mykje trafikk frå sambandet Kvanndal-Utne. Då er eg meir redd for konkurransen frå Jondalstunnelen, seier Øyvind Halleraker til Bergens Tidende.

  • Folk som skal frå Odda til Bergen vil truleg heller køyra om Jondal enn om Utne. Omvendt vil dei som kjem over Kvamskogen og skal til Odda, heller ta ferja Tørvikbygd-Jondal og Jondalstunnelen for å koma heim.

Vi må vera ærlege

Halleraker er medlem av samferdslekomiteen på Stortinget, og saksordførar for Hardangerbrua, som skal opp i tinget i slutten av februar.

— Trur du det er mogleg å halda oppe ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik slik som i dag?

— Vi må vera ryddige og ærlege og seia klårt frå at når vi byggjer ferjeavløysingsprosjekt og andre nye samband, så gjer vi det for å skapa betre flyt i trafikken. Dette får då konsekvensar for dei sambanda som er der frå før, det er ikkje til å koma ifrå. Dersom trafikken på Kvanndal-Utne-Kinsarvik går vesentleg ned, så må vi sjå på frekvens og på storleiken på ferjene.

— Ser du for deg at sambandet Kvanndal-Utne kan verta nedlagt?

— Som sagt, ingen kan gje garantiar, men eg tvilar sterkt på at nedlegging vert aktuelt.

Merknad i Stortinget?

Halleraker reknar med at ferjesambandet vert tema når samferdslekomiteen kjem innom Hardanger om vel to veker.

— Dersom nokon ønskjer å snakka til oss om det, så må vi sleppa dei til.

— Kan Kvanndal-Utne-Kinsarvik verta nemnd i ein merknad i stortingsvedtaket om Hardangerbrua?

— Alt er mogleg, seier Halleraker.

Heller ikkje vegdirektør Olav Søfteland trur på noko nedlegging av Kvanndal-Utne. Men han bed om litt tid til å omrøma seg.

— Det finst visse reglar for korleis frekvensen skal vera på slik samband. Vi må sjå på dei retningslinene som gjeld, og så må vi sjå korleis vi har gjort det på liknande samband.

Betre skilting

På folkemøtet på Hauso vart det m.a. snakka om at betre skilting mot Utne og Kvanndal ville få fleire til å velja den vegen. Ordførar Toralv Mikkelsen i Odda sa at han hadde teke dette opp med Statens vegvesen for krysset i Odda sentrum, men utan at noko vart gjort.

Helge Olsen, byggmeister frå Øystese, køyrde og til Hauso laurdag for å delta på folkemøtet.

— Eg har føreslege for Statens vegvesen at dei også skiltar mot ferja Kvanndal-Utne i krysset der Rv. 7 og Rv. 13 møtest i Granvin. Dette har Statens vegvesen avvist med å visa til at Rv. 7 langs Hardangerfjorden berre er for ein sidearm å rekna, seier Helge Olsen.