Medieoppslag dei siste vekene har gjort gravide i Bergen engstelege for å føde ved Haukeland universitetssykehus.

Statistikken har vist at det var 37 dødfødslar på KK i 2002, og det er 14 fleire enn året før. I tillegg kjem 15 dødfødslar mellom desember 2002 og januar 2003.

— Det er ingen tvil om at dette er svært høge tal, sa avdelingsoverlege Per E. Børdahl på ein pressekonferanse i går.

— Men no kan vi slå fast at det er like trygt å vere gravid i Bergen som andre stader, og like trygt å føde på Kvinneklinikken som på andre sjukehus.

- Tilfeldig auke

I si interne gransking har KK undersøkt pasientjournalane etter 60 dødfødslar dei siste to åra. Konklusjonen er at det statistisk ikkje er reell auke i talet på dødfødslar frå 2001 til 2002.

KK har heller ikkje oppdaga noko fellesårsak til dei mange dødfødslane, verken infeksjonar, feilbehandling, dårleg svangerskapskontroll eller mors røykevaner.

— Auken er tilfeldig, og uttrykk for ei naturleg svinging frå eit år til eit anna. Dette må vi forvente når tala er så små, sa Børdahl.

Andre sjukehus har opplevd likande svingingar, blant anna Stavanger.

Ni døydde på sjukehuset

Journalane frå 2001 og 2002 viser at i 85 prosent av tilfella døydde barnet før mor vart lagt inn på KK, altså, mens ho enno var heime eller var på veg til sjukehuset.

I løpet av desse to åra døydde ni barn på sjølve sjukehuset. Seks hadde ein dødeleg sjukdom. Gjennomgangen av journalane fortel meir om årsaker til dødfødslane:

  • 15 av barna vog mindre enn 1000 gram, fem mindre enn 600 gram.
  • Sju hadde alvorleg sjukdom/misdanning.
  • Åtte døydde av akutt katastofe i morkaka.
  • To døydde av sjeldan og alvorleg komplikasjon i tvillingsvangerskap.
  • Dei andre døydde som følgje av alvorleg svangerskapsforgifting, morkakesvikt, infeksjonar og ukjende årsaker.

Men det er éin tendens, som truleg kan bidra til å forklare det høge talet på dødfødslar. Det er det Børdahl kallar «Rikshospital-effekten». KK har regionfunksjon, og eit av norges beste ultralydlaboratorier. I stigande grad blir ei viss gruppe fødande frå andre kommunar henviste til Bergen: Gravide med spesielt kompliserte svangerskap.

— Eg håpar at eg ikkje blir misforstått, når eg seier at KK «bør» ha fleire dødfødslar enn sjukehus i Ålesund, Haugesund, Voss eller andre stader på Vestlandet. Det er fordi denne typen svangerskap og sjuke barn bør henvisast hit, sa Børdahl.

Færre i februar

Medisinsk fødselsregister i Bergen skal sjå nærare på nettopp «Rikshospital-effekten».

— Fleire ting tyder på at Haukeland står overfor fleire høgrisiko-fødslar enn tidlegare, og det kan medføre hyppigare dødfødslar, seier leiar Lorentz Irgens.

— Dette har vi sett på Rikshospitalet i Oslo i lengre tid, og det kan sjå ut som det same er blitt gjeldande for Haukeland i seinare år, seier han til BT.

— Har du ein kommentar til rapporten som KK no har lagt fram?

— Ja, at det er beroligande at det ikkje er funne ein fellesnemnar, svarar Irgens.

I februar i år var det for øvrig tre dødfødslar ved KK, og det er langt færre enn i desember og januar.