• Pasientopplysningane er ikkje blitt misbrukte, hacka eller stolne, opplyser GE Healthcare til BT.

— Ved eit uhell vart meir data enn nødvendig samla inn.

Slik forklarar ein pressetalsmann for GE Healthcare kva som skjedde då selskapet henta og lagra informasjon om over 126.000 norske pasientar utan lov.

— Straks vi oppdaga kva som hadde skjedd, leigde vi inn eksterne ekspertar til å analysere situasjonen. Basert på denne analysen er vi heilt trygge på at informasjonen berre er blitt lagra, ikkje misbrukt. Vi tek datatryggleik svært alvorleg og har korrigert feilen, opplyser han.

— Kan det skje igjen?

— Nei. Enkelt og greitt.

- Svært alvorleg

Også fagdirektør Baard-Christian Schem i Helse Vest er trygg på at pasientinformasjonen ikkje er misbrukt.

— Men vi ser svært alvorleg på det som har skjedd. At det går å hente ut sensitiv pasientinformasjon på denne måten, er svært alvorleg med tanke på kva som kan skje i framtida, seier Schem.

Han er skeptisk til eit eventuelt framtidig krav frå Datatilsynets om å informere alle berørte pasientar, fordi det vil medføre at all personinformasjon som er henta ut ulovleg til USA, må tilbakeførast, opnast og behandlast.

— Det vil utløyse unødig risiko for å lekkasje. Sidan vi ikkje kan sjå at pasientar er blitt ramma, er det best at informasjonen blir sletta fullstendig, når denne prosessen er over.

— Men då vil ingen få vite at dei var ramma av datatabben?

— Det er rett, men prinsipielt sett er det ikkje ei klok løysing å opne og bearbeide desse personopplysningar.

Går gjennom alle avtalar

Alle helseføretaka i Helse Vest går no gjennom alle leverandøravtalar, for å forsikre seg om at desse berre hentar ut informasjon dei har lovleg tilgang til.

— Vi arbeider for å hindre at slikt skal skje i framtida, seier Schem.

Han legg til at spesialisthelsetenesta er heilt avhengig av at leverandørar av medisinsk-teknisk utstyr har fjerntilgang.

— På denne måten kan leverandøren kontinuerleg overvake utstyret og ta kontakt om dei oppdagar feil. Brukarstøtte undervegs er også viktig for optimal bruk. Slik er det for alle med avanserte IT-løysingar og avansert utstyr.