Dei første ti månadane i fjor var det 35 dødfødslar ved Kvinneklinikken i Bergen. Det er femten fleire enn i same periode året før.

Denne auken er for stor til å vere tilfeldig, og på grensa til å vere statistisk signifikant, meiner professor Lorentz Irgens ved Medisinsk fødselsregister.

Ifølgje Irgens er det ikkje registrert liknande forandringar ved andre norske fødeavdelingar.

— Det er absolutt grunn til å sjå nærare på desse tala frå KK. Dødfødsel er ein sjeldan tilstand, og ein slik variasjon er ikkje tilfeldig, seier han til bt.no.

- Svært høge tal

I tillegg til den oppsiktsvekkjande auken det siste året, skreiv BT måndag at det har vore seksten tilfelle av dødfødslar på KK mellom 3. desember i fjor og 6. februar i år.

— Dette er eit svært høgt tal. Det er det ingen tvil om, seier Irgens.

Han seier at dei mange dødfødslane kan skuldast infeksjon, anten på grunn av virus eller bakteriar. Eller endra sjukehusrutinar i tilfelle der fosteret har døydd etter at mor kom på sjukehuset.

— Men dette er berre spekulasjonar. Dette må avdelinga sjølv sjå nærare på.

KK er no i ferd med å gå gjennom kvart einaste tilfelle av dødfødslar det siste året. Også Irgens trur at svaret ligg i journalane.

- Ingen grunn til å vere redd

Avdelingsoverlege på fødeavdelinga ved Haukeland universitetssykehus, Per E. Børdahl, seier at han ikkje sikker på om auken er tilfeldig før KK har sett nærare på journalane og prøvesvara.

— Det som er viktig no er å gå gjennom alle journalar, og sjå om det er auke i noko spesielt. Det er det vi gjer no. Eg vil ikkje gjette på årsaker før vi har undersøkt dette materialet grundig, seier Børdahl til bt.no.

KK har fått fleire oppringingar frå gravide som er blitt urolege etter oppslaget i BT måndag.

— Ein del menneske er blitt redde, men det er det ingen grunn til, seier avdelingsoverlegen bestemt.

— Tala er likevel ikkje så høge at det er grunn til at gravide i Bergen og Hordaland skal vere engstelege for sitt eige svangerskap.