Generalsekretær Trond Mathiesen i Landsforeningen uventet barnedød avviser på det sterkaste at organisasjonen sit på personopplysningar som gjer dei i stand til å sirkla inn gravide kvinner og nybakte mødre.

Kjøper ringetenester

— Derimot så utfører me 600.000 telefonoppringingar årleg. Med 60.000 fødande kvinner i Noreg kvart år er det ikkje til å unngå at me treff på nokre av desse. Det er ganske enkelt tilfeldig.

Mathiesen fortel at foreninga kjøper ringetenester av callcenteret Norsk Telekompetanse AS i Kristiansand. Ringelistene inneheld namn, adresser og telefonnummer basert på Findexa sin telefonkatalog. Listene er vaska opp mot reservasjonsregisteret i Brønnøysund og levert av DM Huset AS, som har kontor i Oslo og Stavanger. Sistnemnde har spesialisert seg på å «bistå bedrifter i å identifisere, rekruttere, utvikle og beholde lønnsomme kunder, ved å fremskaffe og utnytte kundeinformasjon».

Mathiesen understrekar at han gjerne skulle ha vore forutan ringerundane til gravide kvinner og ferske mødre, ettersom han har forståing for at mange av dei er i ein sårbar situasjon.

— Det hadde vore flott om vår finansiering av krybbedødforsking, forsking på dødfødslar og sorgstøtte kunne kvilt på uoppfordra gåver. Men det går dessverre ikkje. Medan gåvene har ein årleg storleik på 150.000 kroner, er bruttoomsetnaden på telefonsalet vårt heile 15 millionar kroner.

Tilsyn

Mellom 2001 og 2003 mottok Datatilsynet mange klager på Landsforeningen uventet barnedød. I september 2004 vart det gjennomført eit tilsyn hos foreninga, utan at det vart avdekka ulovlege eller kritikkverdige forhold når det gjeld omgang med personopplysningar.

— Me har heller ingen indikasjonar på at det drypp ut informasjon om fødselsterminar frå fødeavdelingar eller helsestasjonar - verken til Landsforeningen uventet barnedød eller andre, slår informasjonssjef Ove Skåra i Datatilsynet fast.