— Det kjennast ganske ekkelt å ringe 113 og ikkje få svar, seier Ellen Moe.

Då sjuåringen Jardar varsla om bilen som gjekk i fjorden, freista ho to gonger å ringe den medisinske naudtelefonen for å få tak i ambulanse.

— Til slutt ringde dei opp att. Då fekk eg beskjed om at eg kunne levere mannen på Odda legesenter klokka 09.30, fortel ho.

— Her sat vi med ein sjokkskada mann, som klaga over smerter i beina. Eg kunne ønske at vi då kunne fått litt hjelp frå ekspertise.

Familien køyrde mannen til legesenteret, men ingen svara då dei banka på døra.

— Vi gjekk rundt på baksida, kor vi fant ein politimann som hjelpte oss, fortel ho.

— Heilt utruleg på ein slik dag. Du får verkeleg kjensle av å bu i distriktet.

BT freista i går kveld å kommentarer frå Odda sjukehus, Helse Fonna, Helse Vest og Haugesund sjukehus, men fekk ikkje resultat.

Bilføraren sjølv kom heim til Karmøy i går kveld.