— Eg er ikkje redd for å køyre gjennom tunnelen. Hadde det vore farleg hadde dei nok stengt den. Men eg synest det er alvorleg at det er så mykje tull med tunnelane no, seier Kjell Ove Malmo på veg inn i Bømlafjordtunnelen.

At tunnelen skal stengjast ein månad for vedlikehald berre seks år etter den opna, sette truleg ein støkk i bilistane i Sunnhordland i går. Ein del av bilistane som stoppa i bommen for å betale til Astird Øvrebø og Elin Marie Taraldsøy, måtte likevel sikre seg at det verkeleg er trygt å køyre gjennom.

— Det er særleg dei eldre som undrar seg om det er trygt nok, seier Øvrebø.

Sjølv er ikkje dei to skeptiske til tryggleiken i tunnelen.

— Det er bra dei stengjer for å utbetre no før det går gale. Då tek dei tryggleiken på alvor, seier Taraldsøy.

Når Vegvesenet i neste månad går inn og reinskar Bømlafjordtunnelen, er ferjene tilbake i sambandet Valevåg - Skjersholmane alt etter seks år.

Distriktsvegsjef Astrid Eide seier at Vegvesenet planlegg ferjeopplegget saman med Tide Sjø. Planen er å setja inn to eller tre ferjer på døgnbasis i sambandet, kanskje blir det eit gratistilbod.

— Dersom eg hadde vore i tvil om at det var trygt å ferdast i tunnelen, hadde eg ikkje stussa på å stengje han straks, seier distriktsvegsjefen.

— Velvet der dei losna massane no ligg, toler mykje meir enn det som har falle ned. Det er både interne og eksterne geologar einige om, seier Eide.

Alt i fjor vår avdekte rutinekontrollar at det var kome ned massar på vass- og frostsikringsvelvet over køyrebanen i Bømlafjordtunnelen. Nye kontrollar i haust og i april i vår viste at det var kome ned så mykje stein-, leire- og betongmasse - mellom fem og ti tonn på ein 110 meter lang strekning på Sveio-sida - at vegvesenet bestemte seg for handling i sommar.

— Vi håpa på å kunna gjere det utan å stengje tunnelen heile døgeret. Men det er nødvendig. Likevel håpar vi at stenginga ikkje blir så langvarig som dei fire vekene vi har varsla om, seier Astrid Eide.

FRYKTAR IKKJE TRYGGLEIKEN: Kjell Ove Mamlo og familien er ikkje redd for å køyre gjennom Bømlafjordtunnelen. Det er alvorleg at det er så mykje tull med tunnelane for tida. Eg trur det er auka bruk av sprøytebetong som mellombels sikring som gjer det, seier Malmo. FOTO: GUDRUN SYLTE