• Det er ikkje rart at folk blir så jævlig forbanna et dei tenner på. Det byggeprosjektet har øydelagt heile området. Ein skamplett for Bergen, seier ein sint Kurt Oddekalv.

Oddekalv er for tida på ferie i Denver, Colorado.

— Det er nok av åndikker som trur at det er oss. For meg kunne driten brent rett ned. Men vi er ikkje akkurat pyromaner, seier Oddekalv.

— Vi hadde tenkt å aksjonere sjølv, men vi skulle male bygget. Blokka skulle aldri vore bygd.

— Trur du motstandere av byggeprosjektet kan stå bak?

— 100 prosent sikkert. Etkvart oppegåande menneskje burde tatt slegga med seg opp der og kakket ned veggene. Men eg vil ikkje oppfordre folk til å gjøre noko slikt, sier Oddekalv.

FOTO: HELGE SUNDE

Også i mai sa Oddekalv at det ikkje ville vore han imot å sett fyr på terrasseblokkane i Hatlestadlia.

Kommentaren vart referert i Bergensavisen, der Oddekalv gjekk til frontalangrep på heile byggjeprosjektet. Oddekalv var opprørt over at entreprenøren hadde fått lov til å utvide planane frå toetasjes terrassehus til fem etasjar, heilt utan at reguleringsendringa kom på bordet til politikarane. Oddekalv kalla saka «en kjempeskandale», og hevda at entreprenør Heldal hadde fått ture fram som han ville.

Oddekalv uttalte ifølgje BA at han trudde det var motstandarar av byggjeprosjektet som hadde stått bak brannstiftinga nokre månader tidlegare. «Jeg har også fått spørsmål om det var jeg som satte fyr. Det ville ikke vært meg imot. Men jeg har heldigvis i Kautokeino den dagen», sa Oddekalv til avisa.

Entreprenør Magne Heldal har svært lite sans for Oddekalvs kommentar frå den gongen.

— På dei 25 åra eg har vore her oppe er det berre ein mann som har truga meg: Kurt Oddekalv. Når han kan seie slike ting til avisa, blir eg temmeleg skremt, seier Heldal.

— Har han sagt andre ting til deg enn det som var referert i avisa?

— Nei da. Vi har vore store i kjeften båe to når vi har møttest, og eg veit godt at det ikkje er Kurt Oddekalv som har tent på. Men kva med folka han har rundt seg? spør Heldal.

Også etterforskingsleiar Geir Duesund er kjent med Oddekalvs kommentar.

— Men vi mistenkjer på ingen måte han for å stå bak, seier Duesund.

— Dersom nokon trur at dei kan stoppe oss på denne måten, ja då tek dei helt feil. Vi brettar opp ermane og går på igjen med arbeidet i morgon, seier Heldal.

NY ETTERFORSKNING: Kurt Oddekalv krever ny etterforskning rundt elfenbensgaven til Kjell Magne Bondevik.
Foto: Vegar Valde