Protesekirurgen ved Ortopediklinikk Lærdal seier han ikkje er overraska over at konklusjonen no er at klinikken har drive fagleg forsvarleg.

– Eg var ikkje uroa over resultatet av granskinga. Det som derimot bekymra meg, var at pasientane kunne bli urolege, seier Jellestad.

Han legg likevel til at han trur dei aller fleste ikkje har mista trua på arbeidet som er gjort ved klinikken.

– Det er vel snarare slik at dei aller fleste har synt oss solidaritet og støtte.

– Kor tid kan det pc-baserte navigasjonsutstyret bli tatt i bruk att under operasjonar?

– Så lenge granskinga går føre seg, ventar vi med det. Men resultatet som vil kome frå fylkeslegen, er vel på ein måte gitt no. Så snart saka er avslutta, meiner eg vil skal ta utstyret i bruk att.