• Ikkje overnatt hos framande, gjer avtalar med venninner om å passe på kvarandre og ikkje rus deg så mykje at du mistar kontrollen.

Dette er sosionom Inge Nordhaug sine råd til unge jenter for å unngå seksuelle overgrep og valdtekt. Han er prosjektleiar for «Støtte til seksuelt misbrukte barn» i Helseregion Vest.

Onsdag skreiv BT at ei av ti som kom til Voldtektsmottaket i Bergen i fjor var jenter under seksten år, og at mange var fulle då overgrepet skjedde.

Bløffar foreldra

— Ein typisk situasjon er at 15-16-åringen fortel foreldra sine at ho skal overnatte hos ei venninne. Venninna seier det same til sine foreldre. Spesielt då kan overgrep skje, seier Nordhaug.

Iallfall viss venninnene dreg «ut på livet», får tak i alkohol, drikk for mykje.

— Då er det lettare å kome ut for kyniske vaksne som har planlagt kva dei vil gjere, viss dei får kontakt med unge jenter, fortel Nordhaug til BT.

— Men det er viktig å hugse at ein full ungdom som er ute av stand til å gjere motstand, like fullt er utsett for overgrep, som ein som er meir bevisst.

- Sei det til nokon

Her er Nordhaug sine råd til ungdom som har opplevd seksuelle overgrep:

Sei det til nokon! Til ein ven eller ei venninne eller ein vaksen. Kjenner du nokon som er blitt utsett for overgrep, hjelp dei til ein vaksen. Ta kontakt med Voldtektsmottaket eller Barnevernsvakta.

Gå til foreldra dine! Viss nokon utanfrå har gjort dette mot deg, er det viktig at foreldra dine får vite det. Gje dei ein sjanse til å vere foreldre og hjelpe deg, seier Nordhaug.

Samtidig må foreldre bli flinkare til å ta ansvar for ungane sine, og undersøke om dei er der dei seier dei skal vere.

— Sjekk om det er sant, når dottera di fortel at ho skal overnatte hos ei venninne, oppfordrar Nordhaug.

— Er foreldre for sløve?

— Foreldrerolla er ikkje enkel. Du er stressa, kanskje synest du det er herleg at barnet er ute av huset litt. Men det er viktig at vaksne held oppsyn med kva ungane driv med, seier Nordhaug.

Flytt pc-en

Eit anna råd er å flytte familiens datamaskin til ein meir «synleg» plass i huset, slik også Redd Barna har tilrådd.

— Då sluttar pappa å surfe på pornosidene på nettet, og tenåringane kan ikkje lenger chatte med framande på «erotiske» nettsider, seier Nordhaug.

Også tilsette ved til dømes helsestasjonane kan bidra meir enn i dag.

— Mange overrespekterer teieplikta. Men foreldreansvaret gjeld til barnet fyller atten år, minner Nordhaug om.