— Bondeflokken har ikkje vore flinke til å ynskja alternative brukarar velkomne i lauget, seier landbruksdirektør Ole Bakkebø.

— Difor vil du formana dei om å legga bort mobbinga av økobonden?

— Det har eg overlate til leiaren i Hordaland Bondelag, Marta Meland. Ho er blant dei som kjem til den store samlinga i Øystese denne veka, fortel Bakkebø.

«Øko kick-off» har han kalla samlinga. Siktemålet er å dra i gang ein skikkeleg offensiv for å omvenda tradisjonelle bønder til å bli økobønder. Tidlegare i vår hadde meieriet ei tilsvarande overtalingsøkt overfor mjølkebøndene. No går fylkesmannen si landbruksavdeling ut langt breiare. Fredag 25. mai er det eigne økter for frukt, sauekjøt, grønt og urter. Ettermiddagen før er marknadsutsiktene, økonomiske og sosiale realitetar, deriblant mobbing, tema.

  • Vi har satsa på folk med praktisk røynsle framfor teoretikarar. Bønder som gjekk over til økologisk drift for mange år sidan, og som driv slik framleis, er våre ressurspersonar, seier Bakkebø.

Dessutan har han hanka inn kjøkkensjefar og talsmenn for serveringsverksemder som sver til økologiske råvarer.