• Av alle galne ting to tenåringar kan finne på, er dette det kulaste og det minst galne, meiner Paul Joachim Bloch Thorsen, landslagstrenar i stup.

Men stupetrenaren frå Bergen understrekar at dei som hoppar frå så store høgder både må ha god kontroll, og vite kva dei gjev seg ut på.

— Om du er veltrent, atletisk, har god kroppskontroll og har teke høgdene steg for steg oppover, er det greitt å hoppe frå så store høgder. Er du uheldig og landar feil, kan du skamslå deg. Men faren for å få varige mein eller miste livet er liten. Største faremomentet er eigentleg å bli slått i svime. Dersom det skjer, kan stuparen lett drukne.

**Les også:

Her hoppar Pieter frå 21 meter**

Bloch Thorsen meiner det er farlegare å ri ein hest som brått spring ut, enn å hoppe i vatnet frå ei høg bru slik dei to gutane har gjort i Sogn.

— Den som hoppar frå så store høgder skal ha respekt for det. Eg kjenner til folk som både har fått prolaps og andre typar varige skader etter å ha stupt frå store høgder. Så det er ikkje noko kven som helst bør finne på å gjere.

Landslagstrenaren som sjølv har stupt mange gonger frå 20 meter og meir, seier han er imponert over dei to gutane, men at han ikkje kan vite kor forsvarleg det har vore.

— Stuping er den idretten der differansen mellom faktisk risiko og opplevd fare er størst. Vi møter ikkje betong. Vi møter vatn som tilgjev ganske mykje.