Moderne medisinsk teknologi kan redde barn som kjem til verda altfor tidleg, men til kva pris for barnet?

Dette etiske dilemmaet blir aktualisert i den kanadiske dokumentaren «Medicine under the influence», som skal visast på BIFF, den internasjonale filmfestivalen i Bergen, neste veke.

I Linda B. Morecos film møter vi barn som vart fødde frå 22. veke i svangerskapet, og som seinare har slitt med svært alvorlege seinskader. 13-åringen Erwan har cerebral parese, store lære— og konsentrasjonsvansker og astma. Han er døv, mildt psykisk utviklingshemma, og avhengig av omfattande medisinsk behandling for å leve.

— Eg vart hjernevaska av legane, då han vart fødd. I dag føler eg meg skuldig, fordi eg tillet legane å la han få leve. Livet har vorte eit mareritt, seier mor hans i filmen.

Ikkje for einkvar pris

BT har sett dokumentaren saman med seksjonsoverlege Hallvard Reigstad og overlege og leiar i Perinatalkomiteen, Dag Moster. Begge arbeider ved Seksjon for nyfødtmedisin på Barneklinikken i Bergen, som berre unntaksvis behandlar barn yngre enn 24 veker, eller som har ei fødselsvekt under 400 gram.

Reigstad og Moster føler ikkje at dei strekkjer etiske og medisinske grenser, og kjenner seg heller ikkje igjen i det bildet som blir skapt av legar i filmen.

— Vårt mål er ikkje at premature skal overleve for einkvar pris. Det ville vere heilt feil. Men vi prøver å redde barn vi meiner kan få eit liv med god livskvalitet. Dei fleste går det jo bra med.

To gonger har Barneklinikken tatt imot barn som er yngre enn 24 veker, og som har overlevd.

— Begge gonger har det gått bra. Det viser også langtidsoppfølging til skulealder, seier Moster og Reigstad.

— Men har de nokon gong redda liv, og tenkt i ettertid tenkt at desse barna burde få sleppe å leve?

— Ja. Dei fleste som driv med nyføddmedisin har slike barn på samvitet. Men det er ikkje alltid lett å sjå føre seg korleis det kjem gå med ekstremt premature.

- Pessimistiske foreldre

Når eit barn kjem altfor tidleg til verda i Bergen, blir foreldra alltid tekne med på råd. Sjølv om mor og far skal sleppe å avgjere om barnet skal behandlast eller ikkje, tek legane sjeldan ei avgjerd på tvers av kva foreldra ønskjer.

— Foreldre ber svært sjeldan om at behandlinga blir avslutta. Men når vi fortel at vi ønskjer å avslutte, opplever vi ofte at dei blir letta, fortel dei to legane.

— Fordi dei føler dei ikkje kan seie det sjølve?

— Ja. Men det er vi som sit på kunnskapen, og det er heilt urimeleg å overlate avgjerda til dei. Vi behandlar barna i ein kort periode. Foreldra skal ha dei resten av livet. Vi må sjå på familien under eitt, og ikkje på det nyfødde barnet isolert, seier Reigstad.

— Men av og til kan eg bli forundra over kor pessimistiske foreldre kan vere. Etter alle solemerke går det som regel bra med barn som blir fødde etter 27.- 28. veke, sjølv om vi rett nok veit lite om korleis det går når dei blir vaksne.

Se også LIVET-reportasjen mandagens BT om premature barn

TEK IMOT DEI ALLER MINSTE: Barneklinikken i Bergen tek kvart år imot drøyt tretti barn med fødselsvekt under 1000 gram. - Vårt mål er ikkje at dei skal overleve for einkvar pris. Vi er advokaten til barna, ikkje foreldra, seier seksjonsoverlege Hallvard Reigstad og overlege Dag Moster til BT.
ØRJAN DEISZ