Ho kan likevel ikkje lova at det vert løyvd pengar til noko slik dei næraste åra.

På eit vegmøte på Geilo fredag, der Skogsholm var til stades, føreslo Endre Lægreid i foreininga ReinJegeren at det vert bygt ein tunnel på to kilometer der ein veit at reinen ofte kryssar Rv. 7 over Hardangervidda.

— Verknaden av ein slik tunnel kunne då vera med i det forskingsprogrammet på villrein som Direktoratet for Naturforvaltning og Vegdirektoratet samarbeider om, meinte Lægreid.

Veg- og trafikkdirektør Eva Solvi i Vegdirektoratet er samd med Lægreid i at det kunne vere lurt. Men ho var sterkt i tvil om det var mogleg å få ein slik tunnel på plass innanfor det pågåande forskingsarbeidet, som går fram til og med 2006.

Kompromiss

Mange røynde fjellfolk rista på hovudet på Eva Solvi gjorde greie for «kompromisset» mellom Vegdirektoratet og Direktoratet for Naturforvaltning om korleis trafikken skal ta omsyn til reinen i den perioden forskinga pågår.

Kompromisset går ut på at vegen skal stengjast mellombels, nokre timar eller ein dag, når store villreinflokkar nærmar seg Rv. 7 for kryssa vegen.

— Ein mindre villreinflokk, slik vi har sett bilete av på veg over Rv. 7, vil ikkje utløysa vedtak om stenging. Vi må opp i ein flokk som tilsvarer 20 prosent av villreinstammen, eller eit tusental med dyr, før det vert aktuelt å stengja. Då ligg avgjerda hjå vegdirektøren etter ei totalvurdering av den samfunnsmessige verknaden av å stengja, seier Eva Solvi.

Eit visst volum

— Direktoratet for Naturforvaltning si vurdering er at stenging etter desse kriteria kan verta aktuelt to til tre gonger i heile perioden fram til og med 2006, sa Solvi.

— Seksjonssjef Terje Bø ved DN stadfester at det Solvi legg fram er eitt av alternativa som vert diskutert, og attpå til eit nærliggjande alternativ.

Over vegen før vedtaket

Fylkespolitikar og fjellmann Magnar Lussand frå Granvin meinte at problemet med villreinflokkar og trafikk ville løysa seg sjølv.

— Eg har vore mykje på vidda, og slik eg kjenner reinen, så vil ein flokk på 1 000 dyr på vandring ikkje la seg stoppa av litt trafikk. Flokken vil vera over vegen lenge før nokon rekk å gjera noko vedtak, seier Lussand.

FOR LITEN: Det skal mykje større villreinflokkar til enn dette før Vegdirektøren gjev ordre om å stenga vegen over Hardangervidda ARKIVFOTO: ENDRE LÆGREID.