• Det er ikkje berre negativt med store skulemiljø. Store skular har fleire fagtilbod til elevar med spesielle interesser.

Dette meiner skuleforskar Jarl Inge Wærness.

— På små skular kan det vere lite rom for å skilje seg ut. Det kan vere lettare å finne venner med same interesser som seg sjølv, seier Jarl Inge Wærness, forskar ved Læringslaben for forsking og utvikling.

Sjølv om staten helst ser at det ikkje er meir enn 450 elevar på ein skule, vil det ofte vere greitt å kunne ha eit større miljø å stø seg på.

Undervisning framfor bygg

På store skular blir større delar av pengepotten brukt på undervisning framfor byggemasse og utstyr.

— Det er skilnad på tilgang og bruk. Ein må avvege kva utstyret skal brukast til. For ein skule er det sjølvsagt kvaliteten på undervisninga som er viktigast, seier Wærness.

Ein stor lærarstab kan også vere fruktbar for eit godt undervisningsmiljø. Med ein stor stab er det større sjanse for at kompetansen er høgare, ein vil stort sett få fleire kompetanseområde. På ein liten skule vil ein vere avhengig av få lærarar.

— Men det viktigaste er sjølvsagt at leiinga og lærarar er til stades, slik at ein ikkje misser oversikta over elevane, seier Wærness.

Lærarkvalitet viktig

Wærness får støtte frå professor Arild Tjeldvoll ved pedagogisk forskingsinstitutt på Universitetet i Oslo. Han meiner kvaliteten på lærarane er det viktigaste.

— Ein god lærar på ein liten skule er nærmast perfekt, meiner han, men legg til at det ikkje treng å vere dramatisk å flytte til ein større skule.

— Skular med stort fagmiljø vil ofte ha større sjanse til å utvikle prosjekt som kjem elevane til gode, seier han.

Han har inntrykk av at folk gjerne flyttar på seg for å kunne tilby ungane sine eit betre fagleg miljø. I Europa er ofte skulane mykje større enn her, noko som gjer at dei trekk til seg mange fleire engasjerte elevar.