— Vi har enno ikkje fått innstillinga frå regionvegsjef Ole Chr. Torpp i denne saka. Det betyr då sjølvsagt at vi enno ikkje har gjort noko vedtak, seier vegdirektør Olav Søfteland til bt.no.

Vegdirektøren seier til BT at han vart overraska over å lesa i avisa torsdag 8. januar at Vegdirektoratet alt hadde teke avgjer, og det jamvel før Ole Chr. Torpp hadde sendt innstilling frå seg.

Det var prosjektleiaren for Autopass i Vegdirektoratet, Jacob Trondsen, som sa til BT at dei ville fylgja Torpp si innstilling. Torpp hadde då forlengst sagt til BT at han innstilte på reint Autopass utan billettbetalinga ved sida av.

Men i fylgje vegdirektøren var det brustyret sitt opphavlege forslag om kutta ut billettane og innføra Autopass på Askøybrua Jacob Trondsen hadde uttalt seg om.

Trondsen var med andre ord ikkje klår over det nye framlegget som var på veg, nemleg eit blanda opplegg der askøyværingane kunne velja mellom elektronisk betaling (Autopass) og billettbetaling.

— Men dette endrar vel ikkje realitetane i saka. Ole Chr. Torpp si innstilling til det nye framlegget er vel kjent. Og då skal det vel mykje til at Vegdirektoratet kjem til ei anna avgjer?

— Det vil eg ikkje svara på no. Saka må først handsamast hjå oss på vanleg måte, og så skal vi gjera vedtak, svarar vegdirektør Olav Søfteland.

STRIDENS BRIKKE
BOMBRO: Autopass, delt ordning eller nåværende ordning på Askøybrua, det er det det strides om.
Arkivfoto: Helge Sunde