Hans K. Mjelva

Han var ein av dei som kom til Scandic Hotel ved 16-tida i dag.

— Til å byrje med var eg ikkje så uroleg, men det blei dramatisk når vi fekk vite at det var gass under plattformen. Det var ikkje akkurat hyggeleg, seier brønnleiar Per Ove Staveland.

Han vart att på plattformen etter dei første vart evakuert 20.45 i går kveld. Først rundt klokka eitt i natt kunne han sjå plattformen forsvinne under seg.

— Eg må seie eg var ganske letta. Eg såg på klokka når eg letta og eg såg på klokka når vi landa. Det første eg gjorde var å ringe heim, seier haugesundaren Stavaland.

Om lag 160 av dei evakuerte blir i ettermiddag og kveld frakta med helikopter Flesland, frå plattformer rundt Snorre A.

Frå Flesland blir dei frakta til Scandic hotel på Kokstad, der dei kan få meir informasjon og eventuelt prate ut om det som skjedde.

Motaksapparatet inkluderar både sjukepeliar og prest, men ifølgje informasjonssjef Harald Schelderup i Statoil Bergen er dei fleste mest interessert i utviklinga på plattformen.