Kommunen beklagar på det sterkaste avgjerda om å stengje Søderberg-omnane ved utgangen av 2006.

— Det er uforståeleg at meir enn 200 arbeidsplassar skal bort når ei modernisering kunne gitt langvarige, trygge arbeidsplassar, og eit svært godt utbyte for Hydro på toppen.

Lægreid nektar å godta argumenta Hydro brukar for å leggje ned Søderberg-anlegget:

— Selskapet fråskriv seg samfunnsansvar. Dei handlar stikk i strid med lovnader dei sjølv har gitt opp gjennom åra. Det gjeld både overfor lokalsamfunnet og i forhold til føringane frå Stortinget då Hydro fekk fornya konsesjonsvilkåra.

I Årdal reknar Hydro med at 210 arbeidsplassar vil forsvinne når Søderberg-delen av metallverket blir kopla ut. Men ringverknadene vil bli langt større. Hydro har sjølv kalkulert med at meir enn 600 arbeidsplassar kan forsvinne. Årdal kommune reknar med 800, av eit samla innbyggjartal på 5700.

— Dette er ein trist dag for lokalsamfunna som blir råka, for heile fylket og for norsk aluminiumindustri, seier Lægreid.

Han strekar under at kommunen ikkje tek Hydros nei for eit nei. Det vil framleis bli arbeidd for å få til ei modernisering.