• Hydro har svikta Årdal og Høyanger. Skal du sende nokon til helvete, så bør dei i alle fall få med seg ei skikkeleg forklaring.

TERJE ULVEDAL

På fagforeiningskontoret på aluminiumverket i Årdal heng bilete av alle dei tidlegare klubbleiarane i Årdal. Snart skal Odd Semstrøm også opp i glas og ramme. Etter åtte år som styremedlem i Norsk Hydro, 14 år som kjemiskleiar i Årdal, åtte år i forbundsstyret og eit heilt arbeidsliv på aluminiumverket, blir han pensjonist om nokre veker.

Elektrikaren legg ikkje skjul på at når han no sluttar, er han skuffa over arbeidsgjevaren sin manglande vilje til å satse på aluminiumsbygdene ved Sognefjorden.

Kom som eit sjokk

— Sunndalsøra blei modernisert på 2000-talet. Då blei det vist vilje, og det gjekk jo bra. Men når det gjeld Årdal og Høyanger, har viljen vore fråverande.

Vedtaket om å leggje vekk moderniseringsprosjekta for sogneverka karakteriserer han som desidert tøffast i si tid som styremedlem.

— Det kom som eit sjokk. I det styremøtet sat eg og såg føre meg kva det ville bli til med desse samfunna som er så avhengige av hjørnesteinverksemdene. Eg såg føre meg folk og familiar som hadde satsa framtida på desse stadene, seier kjemiskveteranen.

— Men kom det så uventa, det hadde vel vore ein del signal i forkant?

— Før Hydro, då vi var under Årdal og Sunndal Verk, var vi vane med at oppgraderingar og utbetringar gjekk etter tur. Då Hydro vedtok å modernisere Sunndalsøra, kjende vi oss difor rimeleg trygge på at ein ny runde var på gang. Og at sogneverka var dei neste på lista.

Aldri god forklaring

Til Bergens Tidende seier Semstrøm at han opplevde det slik at fagforeiningane nærast måtte presse gjennom moderniseringsprosjekta, men at Hydro aldri greidde skikkeleg ut Høyanger og Årdal.

— Hadde vi punkt for punkt blitt fortalt kvifor desse to verka ikkje er liv laga, skulle eg akseptert avgjerda. Men det har ikkje skjedd, og vi har aldri fått ei god forklaring på kvifor det blei nei. Eg fattar ikkje at det aldri blei gjort ei grundigare vurdering av kvalitetane i desse samfunna, og sjansane for å utvikle aluminiumsproduksjonen vidare, seier Semstrøm.

På same tid skjønar han også argumenta til Hydro-leiinga.

— Ta metallverket som skal byggjast i Qatar. Kraftprisen ligg langt under det som er råd å oppnå her i landet, og plasseringa er svært gunstig i forhold til rasktveksande økonomiar, t.d. Kina. Det er ikkje lett å argumentere mot dette metallverket. For meg har dette blitt eit dilemma.

Kulturkollisjon

Odd Semstrøm blei vald inn som tilsetterepresentant i Hydro-styret i 1997. Han karakteriserer det som ein kulturkollisjon.

— Eg hadde min bakgrunn frå klubbarbeid i Årdal. Så kom eg i eit miljø som såg på heile verda. Det blei ein heilt annan kvardag. Dei to første åra var på mange måtar ein læreperiode.

— Er det mange harde debattar i Hydro-styret?

— Det skjer. Usemje er der, men profesjonaliteten er svært høg. Eit anna trekk med styrearbeidet i Hydro er at sakene i regelen er svært godt gjennomarbeidde frå administrasjonen.

Han har sete i same styret som nokre av dei mektigaste industrifolk i landet, Torvild Aakvaag, Einar Kloster, Egil Myklebust og no Jan Reinås. Og han har sett Myklebust bli erstatta av Eivind Reiten som generaldirektør. Semstrøm karakteriserer dei alle som svært like. Den som har skilt seg mest ut er Reinås.

— Han har ein energi og vilje du merkar fort. Og så har han ein språkbruk som er lite akademisk.