• Stortinget må ta grep for å få bygd Ringeriksbana. Traseen er planlagt for høg fart, og kan med tida verta ein del av høgfartsbana mellom Oslo og Bergen.

Det er Forum nye Bergensbanen som sender denne meldinga til Stortingets samferdslepolitikarar. Medlem av Stortingets transportkomité, Irene Johansen, Ap, tok bodskapen med seg attende til Oslo frå årsmøtet i Forum nye Bergensbanen, som vart halde på toppen av Bergen rådhus fredag.

Forum nye Bergensbanen er ei pressgruppe der alle kommunar langs Bergensbanen, frå Bergen til og med Bærum, er medlemer. Det var semje rundt bordet at ein ikkje kom langt med draumar om høgfartsbaner langs heilt nye ruter, som Haukelibana og høgfartsringen til Høgres Øyvind Halleraker.

Billegare trasé? — Vi må halda oss til planar som kan la seg realisera innan rimelig tid. Då får vi halda fast på Nasjonal Transportplan og det som står der om Bergensbana, seier leiar i Forum nye Bergensbanen, Vossa-ordførar Bjørn Christensen.

Spørsmålet om trasé over Ringerike vart tatt opp på årsmøtet. Stortinget har vedteke Åsa-lina. Det er krefter i sving for å vri vedtaket over på Kroksund-lina, som kjem i konflikt med miljøinteresser, men som er ca. ein milliard kroner billegare.

Med Ringeriksbana kan togturen mellom Bergen og Oslo kortast med ca. 1 time. Saman med ei rad mindre tiltak i Hallingdalen og mellom Bergen og Voss, kan reisetida kortast frå over 6 timar til 4 timar og 15 minutt.

Staten kan låna pengane I Nasjonal Transportplan 2006-2015 er Ringeriksbana nemnd med mogleg start mot slutten av perioden. Irene Johansen meinte at prosjektfinansiering kan vera løysinga for å pengar til Ringeriksbana. Prosjektfinansering betyr at staten låner pengane som trengs, slik at heile anlegget kan drivast fram mest mogleg rasjonelt, utan å vera avhendig av årlege løyvingar over statsbudsjettet.

Utrekningar frå Jernbaneverket syner at dei kunne spart milliardar av kroner på rasjonell anleggsdrift ved prosjektfinansiering.

— Finansdepartementet er skeptisk til prosjektfinansering, fordi det legg store bindingar på framtidige statsbudsjett, men det er stor stemning for dette, og eg håpar vi skal få det til, seier Irene Johansen.