– Ho har sjølvsagt tankar kring det som har skjedd, det kunne jo ha gått så mykje verre. Alle som er involvert i ei slik ulykke har det tøft, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Les også: – Håper det går bra med henne

Han fortel at kriseteamet i kommunen framleis er inne saka for å lette kvardagen til dei som ønskjer det. I tillegg får den 21 år gamle kvinna nødvendig støtte frå kollega og familie.

Forklart seg for politiet

Politiet skal vere i ferd med å danne seg eit klart bilete av omstenda som førte til trafikkulykka på Årdalstangen første juledag, der seks personar blei skadde. Kvinna som køyrde bilen vart avhøyrt laurdag ettermiddag.

– Ho ynskte å få forklare seg så raskt som råd. Det ho sjølv har fortalt, stemmer godt med politiet sin teori, seier Knudsen.

Vitneavhøyr i dag

I dag startar politiet arbeidet med å avhøyre personar som var vitne til trafikkulykka.

– Vi har ei liste på fire personar som vi skal avhøyre, utanom dei involverte. Så får vi sjå om det dukkar opp fleire etter kvart, seier lensmannen.

Han legg til at det framleis står att ein del etterforsking før politiet kan konkludere i saka.

– Det skal gjennomførast teknisk undersøking av bil, samt bereknar av oppmålingar som er gjort på ulykkestaden. Dette blir gjort i samarbeid med Statens vegvesen, seier Knudsen.

Men etter det politiet kjenner til så langt, skal bilen ha vore i god stand. Det er kjent at det var glatt i vegbana då ulykka skjedde.

På betringens veg

Ifølge Sogn Avis skal alle dei seks som vart innlagd sjukehus etter ulykka vere på betringens veg.

Ein ni år gammal gut vart utskriven frå Haukeland sjukehus laurdag, medan mor hans (37) og den fem år gamle veslesyster hans vart utskrivne søndag ettermiddag. Faren til borna (41) ligg framleis på sentralsjukehuset i Førde med kompliserte brot i ein arm.

Den 49 år gamle kvinna som også vart sendt til Haukeland, vart søndag overflytta til sjukehuset i Lærdal, der den 57 år gamle ektemannen hennar framleis ligg til observasjon. Han vert truleg utskriven i løpet av dagen.

SCANPIX