For politiet meiner vaksne folk sjølv må finansiere fritidsaktivitetane sine, melder Sogn Avis. Politidistriktet meiner historielaget ikkje er ein organisasjon som ivaretek eit samfunnsnyttig føremål.

«Hobby— og fritidsforeninger for voksne får som hovedregel ikke lotteritillatelse med mindre de er virksomme blant barn og unge, eller har en sosial betydning for andre enn foreningens egne medlemmer», heiter det i brevet frå Florø-politiet.

Det høyrer med til historia at historielaget i 1999 fekk kulturprisen frå Luster kommune. Grunngjeving: Deira store samfunnsnyttige arbeid.