I over ei veke har den vettskremte pyreneerhunden sete fast på fjellhylla i Oldedalen i Stryn. No har luftambulansen vore på plass henta Leon.

— Det var heilt herleg å få Leon heim, seier ei oppstemt matmor Liv Verhaug etter å ha fått hunden sin i armane igjen.

— Eg trur nok det var like herleg for han, legg ho til. Leon er i fylgje henne i god form.

Med en brødskive med leverpostei og eit koseteppe frå matmor Verhaug klarte luftambulansen å roa ned Leon på fjellhylla. Deretter vart hunden festa i stropper og flydd ned til ein lykkeleg hundeeigar.

— Heile redningsstaben har gjort ein fantastisk jobb, seier Verhaug som skal heim med hunden sin.

— Gjett om me skal kosa oss no.

Dramatisk tur

Eivind Bredrup Petersen i Norsk Luftambulanse fortel om tjue dramatiske minutt i lufta, frå Leon vart henta på fjellhylla til han kom fram til matmor.

— Det var absolutt ei større utfordring med Leon enn med folk. Leon ville vri seg ut av selen og gjorde 360graders rullar i lufta, fortel han. Leon hang bokstaveleg talt i ein tynn tråd då luftambulansen måtte landa litt før dei hadde planlagt.

- Heldigvis gjekk det bra, det var ein altfor flott hund å mista , seier Petersen.

Borte på ein blunk

I 15.30-tida nyttårsaftan var Leon ute og lufta seg i hundegarden. Plutseleg small det kraftig i ein nyttårsrakett, og Leon blei så redd at han stakk av garde.

– Han må ha klatra over gjerdet på hundegarden. Eg såg at han sprang, men ikkje i kva retning. Han var borte på ein blunk, fortel Liv Verhaug.

Ho fekk med seg familie, naboar og venner og begynte å leita med ein gong.

– Me ropte og ropte, og på tirsdagen høyrde me bjeff frå fjellsida. Då skjønte me iallfall at han var i live, seier Verhaug.

Luftambulansen redninga

Men sjølv om dei høyrde bjeff, klarte dei ikkje å lokalisera hunden. Heilt til bonde Rune Aabrekk fekk auga på Leon i kikkert.

– Det var heilt tilfeldig at eg såg han. Eg visste at han var i området, og då eg såg rundt meg med kikkert fekk eg brått auga på han på ei fjellhylle. Det er uforståeleg korleis han har kome seg dit, seier Aabrekk til bt.no.

Fjellhylla ligg på rundt 300-500 meter over havet, men terrenget er så krevjande at det har vore umogleg for bygdefolket å ta seg opp dit. Luftambulansen er såleis einaste redninga for halvanna år gamle Leon.

Var villig til å selje huset

Liv Verhaug har opplevd situasjonen som svært tøff.

– Sjølv om me veit kvar han er, må me gi opp gang på gang. Det er vanskeleg å få tak i erfarne klatrarar som kan ta på seg oppdraget, fortalde Verhaug til bt.no i går.

Leon sin oppdrettar, Hilde Dalos Aune, har føreslått å setja i gang kronerulling for å få redda ned Leon.

– Viss det er pengar som er problemet, må det vera mogleg å skaffa. Liv har sagt at ho er villig til å selja huset sitt for å få ned hunden. I tillegg har det vore stor interesse for å bidra på nettavisene. Hunden må ned, sa Dalos Aune.

No ser det ut til at dei får ynskjet sitt oppfylt. Utan å selje huset.

Følg saka på bt.no.

Inge Fænn, Fjordingen
Norsk luftambulanse, Førde
ÅLEINE I FJELLET: Pyrenearhunden Leon har overlevd på snø og bark i ei veke. I dag kom han tilbake til familien sin.
PRIVAT
VANSKELEG TERRENG: Bygdefolket har prøvd forgjeves å ta seg opp til Leon på fjellhylla over Myklebust i Oldedalen i Stryn kommune.
ØYSTEIN TORHEIM