Sundland, som er konserndirektør i Sparebanken Vest, har studert BTs maktliste frå 2004 og samanlikna den med maktlista frå 2014.

— Dei to listene illustrerer tydeleg at det skjer ei dramatisk fragmentering i samfunnet, seier ho.

— Kva legg du i uttrykket fragmentering?

Les også:

— Fragmenteringa er særleg tydeleg i media. I mykje mindre grad enn for 10 år sidan er det éin kanal som forvaltar sanninga. Utviklinga i retning av sosiale medier og ein debattkultur der vi alle deltar, gjer det å få totaloversikt og sile støy veldig krevjande. Då blir evna til å mobilisere stadig viktigare.

Denne utviklinga vil berre halde fram, meiner Sundland.

Myten om dei lukka rom

På si maktlista for 2024, trekk Sundland fram aktørar som ho trur har denne evna til å mobilisere og vere synlege i eit fragmentert mediebilde.

— Du meiner og at maktomgrepet har endra seg frå 2004 til 2014. Korleis?

— For ti år siden dyrka vi framleis mytene om dei lukka rom, om tette nettverk og makta på få hender. I kåringa i år ser eg lite av det.

Les også:

På lista til Sundland står NHH-økonomen Øystein Thøgersen og NHH. Saman med Thøgersen står fem andre næringslivsnamn.

Av dei ti er det berre to politikarar, og dei to hamnar langt bak i leksa. For ti år sidan kåra BT byrådsleiar Monica Mæland som byens mektigaste, medan byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen i år blei plassert på åttande.

— I di kåring er ikkje ordet byrådsleiar nemnt med eit ord. Er den politiske makta på retur?

— Når eg trekkjer fram dei to politikarane Harald Schjelderup og Jette Christensen, er det fordi eg meiner politikarar med nettopp deira kapasitet til å mobilisere, blir så viktige i framtida. Dei må kunne det politiske håndverket, ha inngående mediekapasitet og forståing for nettverksbygging, seier Sundland.

- Heller innflytelse

Øvst på lista til Sundland over navn det er verdt å merke seg for neste maktkåring står professor Øystein Thøgersen og NHH.

Les også:

— Eg har aldri tenkt på meg sjøl som aktuell i nokon maktkåring. Det trudde eg var mest for politikarar og sentrale næringslivsfolk, seier Thøgersen smålåtent.

— Du skal i gang med å utrede ny handlingsregel for oljelandet Norge. Gir ikkje det deg makt?

— Eg vil heller bruke ordet innflytelse. Vi akademikarar leverer bidrag til dei som tar avgjersler. Er analysene gode nok, har vi innflytelse. På NHH er vi bevisst på at vi har et ansvar mot samfunnet, seier Thøgersen.

På lista står óg Agnes Vevle Tvinnereim, sentral i folkerørsla på Landås. Då BT ringte henne i går, sto midt i utdelinga i matkassar til naboane sine. Matkollektivet er namnet på prosjektet, der vanlege folk på Landås har gått saman om å kjøpe matvarer direkte frå produsentar på Vestlandet.

Les også:

— Eg makt? spør ho og ler.

— Sundland meiner evna til å mobilisere og vere ei tydeleg aktør blir ein maktfaktor i framtida. Då har du vel makt?

— Eg er heilt enig i at mobilisering blir viktig, men eg høyrer ikkje heime på den lista, seier Tvinnereim bestemt.