EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noOppseiinga endte i arbeidsretten. No står den 40 år gamle kjøreskuleeigaren og daglege leiaren tiltala for salg av motorsyklar med falske rammenummer, tjuveri av ein motorsykkel frå ein kunde, moms— og forsikringssvindel og ulovleg MC-utleige.Saka vart rulla opp etter ein storaksjon i Bergen 11. november 1999. 25 tenestemenn slo til både mot lokala til "Team Trafikkskole", verkstaden hos "Kvikk MC Service" der tiltalte er deleigar, bustaden hans og fleire andre adresser. Seks motorsyklar vart beslaglagt, saman to ufullstendige syklar og utstyr for innstempling av nye rammenummer.