Det var på eit møte med sjukehusforkjemparar frå ulike deler av landet sist måndag, at Høybråten gav uttrykk for at det i fleire av helseføretaka har komme på bordet framlegg som er uråd å setje ut i praksis.

Informasjonssjef Ingrid Vigerust i Helsedepartementet stadfestar overfor Bergens Tidende at statsråden ordla seg slik.

— Men det statsråden refererte til var rapportar frå arbeidsgrupper som har vore sett ned. Kommentaren retta seg ikkje mot det arbeidet som no pågår i styra for dei lokale og regionale føretaka, seier Vigerust.

Vest og Nord

Fleire av dei lokale sjukehusforkjemparane som var på møtet, oppfatta det derimot slik at helseministerens kommentar var mynta på prosessen til då. Og i den har også dei styrande organ i helseføretaka vore involverte.

— Styremøta i helseføretaka har handsama rapportar frå arbeidsgruppene. Undervegs har det i dei fleste helseføretak vore ei rekkje styremøte der sjukehusstrukturen har blitt drøfta. Vi oppfatta statsråden slik at han sa at ein del av framlegga som låg på bordet, først og fremst i Helse Vest og Helse Nord, går for langt, seier Gunvald Lindset, sjukehusforkjempar frå Vefsn i Nordland.

Sjølv ønskjer ikkje Dagfinn Høybråten å kommentere dei omstridde endringane som er på gang i det norske sjukehusvesenet no.

— Helseføretaka held no på med styrehandsaming som blir avslutta med møte i dei regionale styra. Det vil vere direkte feil av statsråden å uttale seg på eit slikt tidspunkt i prosessen.

Vedtak før ferien

På møtet sist måndag understreka helseministeren at helseføretaka er pålagt å gjere den jobben dei no gjer, men at ein del av strukturendringane som ser ut til å komme har ein slik karakter og omfang at statsråden skal gå gjennom og godkjenne dei. Informasjonssjef Ingrid Vigerust seier dette vil skje raskt.

— Vi legg opp til at det blir kalla inn til føretaksmøte etter at styra i dei i dei ulike helseregionane har gjort sine vedtak. Desse møta skal gjennomførast før sommarferien. Her vil statsråden vurdere og ta stilling til strukturendringane dei regionale helseføretaka går inn for, seier Vigerust.